Kilde
SOGUR II
GAMALT OR SÆTESDAL VII
Av JOHANNES SKAR
KRISTIANIA
OLAF NORLIS FORLSG
1915

Guten som bygde seg hjaa Presten.

Der var ein Gut eigong som tok ut og vilde byggja seg. Daa han hadde gjengje eit Bil, kom han til Presten.

”Vil du leiga meg,” sa han.
”Eg skal tenkja paa det,” sa Presten; ”men eg hev ein Dreng fyre. Og so skjil det kva du kann gjera,” sa han.
”Eg kann gjera alt du vil hava meg til, kva det so er," sa Guten.

Men slike er her inkje tykt av, tenkte Presten, og leigde han med same Tak.

So skulde dei av og slaa Støylen, Drengjen og han, og ei Gjente skulde
breida; dei reiste Maandagjen, og Laurdagjen laut dei heim-att, av di
daa fór dei til med Slaatten heime. Der var ei Mil aa ganga, og dei kom
inkje paa Støylen fyrr Dogurdmaal Bil; so aat dei fyrst og la seg til
kvilde. Men daa dei vakna, leid det med Dagjen.   

”Det bliv nog hoste seint me kjem til slaa no,” sa Drengjen.
”Er det noko aa taka ut etter idag daa,” sa Guten; ”det er inkje meir enn me rær laga oss
til i Morgon,” sa han.

Og det vart til det, at dei la seg til att til um Morgonen.

Daa dei hadde ete Bitaaet, treiv Drengjen Ljaaen.

”Koss er dette,” sa Guten ”plagar Di inkje kvila etter-paa Maten,” sa han.
”Nei, det er inkje vani til,” sa Drengjen.
”Eg hev daa aldri vore nokon Stad, utan dei kvilde etter-paa Maten," sa Guten.

Og det vart til det, at dei kvilde. Men daa dei vakna, leid det fram imot Dogurdmaal.

”Det bliv nog hoste seint me kjem til slaa denne Øykti,” sa Drengjen.
”Er det noko aa taka ut etter fyre Dogurden,” sa Guten; ”no et me fyrst,” sa han.

Og det vart til det, at dei skulde eta. Med same dei hadde ete, tok Drengjen Ljaaen.

”Men koss er dette,” sa Guten; ”plagar Di inkje kvila etter-paa Maten,” sa han.
”Er det aa kvila no,” sa Drengjen; ”daa fær me aldri slegje Støylen sa han. Men det vart til det, at dei kvilde.

Sossi heldt dei del Dag etter Dag — aat og kvilde og kvilde og aat; daa
Laurdagjen kom hadde dei aldri slegje eit Hogg paa Støylen. Drengjen
var so uti det, og aldri visste koss han skulde fara. ”Er det noko,” sa
Guten — ”hev du ein Sekk,” sa han. Og der var ein Sekk. So pila han
Sekkjen fult med Smaastein og hadde han i Aabandet — ”fyrst no Presten
spyr koss det hev gjengje, daa skal du svara, at der er avslegje og
inn-havt kvart Grandet,” sa han.

Presten stod glaapte hitetter Vegjen daa det kom.

”Koss hev det gjengje,” sa han.
”Der er avslegje og inn-havt kvart Straaet,” sa Drengjen.
”Vil du hjelpa meg med denne Sekkjen,” sa Guten; ”han er so tung,” sa han.
”Kva Slag er der i den,” sa Presten.
”Det er noko Pening eg fann paa Heidi,” sa Guten.
”Det er mine Pening,” sa Presten; ”eg førde burt ein Sekk i Sinn,” sa han.
”Men no er det mine,” sa Guten: ”eg fann dei,” sa han.

So heldt det i kvar sin Ende av Sekkjen og drog, aksla Tak og drog.
Seinst slepte Guten: ”Gjøve so Peningane vøre Smaastein, og Støylen
stod som han hadde stade!” sa han. So løyste Presten Mulebandet — daa
var der inkje ko Smaastein, av di der hadde aldri vore anna:

”Du runde Jord, koss er dette laga!” sa han og heita paa Drengjen ”reis
paa Støvlen i fljugande Stad, og glaap koss der er,” sa han. Men han
tok aat Skogjen og kvilde eit Bil, og so kom han att.

”Koss var der,” sa Presten.
”Det var som der aldri var slegje eit Hogg,” sa Drengjen.
”Det var daa ein syndleg Gut au!” sa Presten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *