Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Guten som kappslo med haugakaren…

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Guten som kappslo med haugakaren…

Det var ein gong ein gut her frå bygdi som gjerne vilde ha ei haugagjente te kjerring. Men far åt gjenta vilde ikkje vita av dette giftarmålet. Men gjenta var stad på sitt. Ho både gret og let fordi ho ikkje fekk guten. Då sa faren ein dag te guten:

«E du go te følji me i slåtte i mårgo, ska du få jenta lel.» Han var ubøtteleg svær te slå, haugakaren, forstår du. Dotter hans hadde nok fått greie på dette vilkåret; for um kvelden kom ho te guten sin og sa:

«No ha e stelt te ljå åt de. Denne ska du bruke når du ska kappslå me hono far i mårgo. Men inkji ska du slipe, inkji bryne, o inkji sjå i eggen på hono. O når han far seie at no får mø kveta, so svara du hono: «Mø får slå i dag o kveta i mårgo!»

Um morgonen kom haugakaren og tok guten med seg, og det bar te å slå. Og den som heldt fylgje, var guten. Men då dei hadde slege vel og lenge, tok gamlingen te å rope:

«Kveta! Kveta!»
«Nei, slå i dag o kveta i mårgo!» ropte guten.

So laut gamlingen herda’ på. Men han vart teslutt utarma, so guten drog innpå han.

Då ropte guten:

«Slå berre undå, du! Du ska få følgji!»

Men då var det ikkje lenge før gamlingen laut gje seg og sa:

«Nei, no lyt e slutte! Du ska få gjenta!»

Då det vart kvelden, og guten såg på ljåen sin, var det berre ein olderkvist te ljå og noko anna te orv. Men guten hadde no vunne gjenta, han, og då var det det same kva han slo med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.