Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Gutormen Nes

Gutormen Nes fraa Seljord var i krigen 1788. Han var næraste granne til Heck og Grønnvold paa Moen. Gutormen var son til EIVIND LAVRANSSON NES, som atter var son til LAVRANS GUTORMENSON MIDBØEN, lensmans i Seljord fraa 1729 til 1734.

Gutormen Nes fekk garden etter far sin 1787.

Han hadde 3 brørar:

TYKJE HARTOLL,
LAVRANS LOMODDEN,
JØRGEN BAKKEN
og ei syster, MAREN, gift med OLAV KLOMSET.

Det er fortalt at Gutormen fann eit óvende stort og staslegt sverd i ein gravhaug paa Nes. Sverde var fint utkrota og i handtake var ein gull kross av skirt gull. Dette fekk Heck paa Moen lure til seg, for 3 pottur brennvin. Heck selde det att til ein utlending og fekk 3 hundre daler for det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *