Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Gynnildmannen og sølvgruva.

Ein mann på Gynnild hadde ord på seg for å ha samkvem med tussane, og tussane hadde synt han ein stad inni fjellet der det var ei sølvgruve. Det var stor velstand på garden i brukstida hans.

Kvar einaste St. Hansnatt kl. 24 var han ein tur på kjørkjegarden, men ingen veit kva han gjorde der. Ingen våga gå etter og spionera. Derfor har ingen hørt gjeti kva ærend han hadde.

Etter at han døydde var det ingen av ætta som visste kvar han hadde henta meddelen. Sølvgruva er ikkje spurd. Einskilde ymt går ut på at det var den mykje omtala Holsjøgruva Gynnildmannen visste av.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *