Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Hadde røya dokterert seg sjøl?

Ein mann frå Galåen ved Røros hadde vore på jakt borti Kletten. Det hende for rundt 70 år sia.. Han hadde hund med seg og skaut ei røy i kanten av ein myrfloe.

Da han skulle leggja røya i sekken fekk han sjå at ho hadde så rar ein kul under kneet på eine foten. Kulen var så stor som eit vanleg høneegg. Ut av kulen stakk enden av eit bunkstrå.

Mannen drog i strået og let let seg vikla av. Mellom surringane var det tørre lauvblad med leire. For kvar vikling datt det av leire og lauv.

Slik vikla han av eit strå på 80-90 cm, lag på lag med leire og blad. Det synte seg at røya hadde brote av foten og spjelka han sjøl med leire, blad og strå – eller hadde ho fått hjelp av nokon annan?

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *