Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”

 

Hægebostad kyrkje


Hægebostad kyrkje er bygd i 1844 og kan feire 150 års jubileum i 1994. Som kyrkjeplass går nok Hægebostad mykje lenger tilbake i tida.

Den forrige kyrkja var bygd i 1629. Sokneprest Hald sende i 1842 søknad til formannskapet om å rive den gamle kyrkja og byggje ny. Gamlekyrkja fekk ikkje god attest av han: «En gammel, mørk, trang og stygg kirke, som Hæggebostads p.t. er, kan ikke for tidlig nedrives».

Dette var ei lita langkyrkje bygd av tømmer, bordkledd og tekt med tegl takstein. Tårnet var lite, og vindauga var små og plassert høgt på veggen. Klokkhuset, eller støpulen, stod for seg sjølv utanom sjølve kyrkja.

Løyve til riving og nybygging kom både frå formannskap og departement. Den nye kyrkja blei innvigd snaue to år etter at den første søknaden var send. Det er lite trulig at dette hadde latt seg gjere i dag. Tenk på planlegging, teikning, skaffe tømmer, bygningsfolk, handsaging, tømring, tekking og innreiing. Alt dette på under to år.

Kyrkja på Hægebostad er nemnd i 1425, men kva tid den første blei bygd, veit ingen.

Den nåverande kyrkja står ikkje på den gamle tomta, men er bygd utanfor den gamle kyrkjegarden. Trulig er ho bygd nord for denne. Då borga mot vest blei riven i 1986, synte det seg at frå sørkant av kyrkjegarden og omlag 30 m nordover var borga mindre forseggjord og bygd av meir tilfeldig stein. Dette har trulig vore kyrkjegarden ved gamlekyrkja. Nøyaktig kvar tomta har vore, er det nok uråd å slå fast. Men ein ting er sikkert: Det har stade ein bygning i det sørvestre hjørnet av den nåverande kyrkjegarden. Den eine hjørnesteinen ligg framleis på plass, djupt nedfelt i jorda. Han var så nær borga at han ikkje kom i vegen for gravene, og han var ca ein fot fra borga. Dette gjorde at han blei spart som eit minne om kanskje ei av dei første kyrkjene, eller og gudehovet? Paralellsteinen mot nord blei diverre fjerna i lag med borga. Begge var tynne djupt nedfelde steinar — langaktige, med langsida mot vest.

I Lyngdal seier sagnet, at den første kristne gudstenesta blei halden på Berge under ein oppsett kross. Her i Hægebostad tyder det på at samlingsstaden har vore ved Krosshylen i Klomra. Her skal krossen ha stade ved dei nå delvis raserte haugane. Der samlast dei og til minnehøgtid i 1914. Då sa Ola sersjant: «Nå står me på den gamle heilagdomen i bygda».

Det var lenge i bruk eit ordtak om ei dyktig og bra jente: «Den kan du gå både til kross og kyrkje med.» Dette skal vistnok vere frå den tida då presten sat i Kvinesdal og heia var veglaus og uframkomelig om vinteren. Så kunne guten gå til krossen med jenta si, før dei flytte saman. Prestevigde blei dei når våren kom og vegen over Kvinesheia atter blei farbar.

Sjølve namnet Hægebostad, var oprinnelig Helgabolstadir. I fylgje stadnamneksperten O. Rygh, er det samansett av adjektivet heilag og substantivet bustad, og skriv seg frå sambandet med den heidenske gudedyrkinga. Hovet der bygdefolket samla seg til bloting, har trulig stade ein stad her. Så har det vore naturlig å samlast på same staden for å dyrke «Kvitekrist.»

Som så mange andre bygder, har også Hægebostad sitt sagn om at kyrkja var planlagt bygt på ein annan plass. Tømmer var køyrt saman på Ollesmonen, men ein morgon var det flytta dit kyrkja nå står. Eit så tydelig teikn frå høgare makter torde nok ingen gå i mot.

På den nåverande parkeringsplassen sør for kyrkjegarden stod dei to steinane som nå står på kvar si side av porten inn frå R.V. 43. Den smale og høge har hatt eit utbora feste i toppen. Eg vil tru dette har vore gapestokken.

Ein del av materialane frå gamlekyrkja som blei riven i 1842, er brukt i den nye, men det meste kom rundt på bygda. Ennå eksisterer der planker frå kyrkjegolvet våre forfedre har vandra på frå 1629 til 1842, og rosemåla dører og speglar.

Av inventaret elles er der lite att frå gamlekyrkja. Dei to messinglysestakane har innskrive: L C S L P D – 1647, og på den gamle handarbeidde stolen er innskore: ANO 1781 og bokstavane T G S R som står for Tarald Gahrsen Røyseland. Denne stolen er verd eit ekstra studium bare den, med all dekorering og utskurd utført med tollekniv på bjørkematerialar, opphogne med øks. Oppe på ryggstøet er utskore tre andlet. Dei to på sidene har vengeliknande utskjeringar på akslene, og skal trulig vere englar. Då er det naturlig at midtfiguren symboliserar Kristus. Armlenene er forma som armar med hender, og rundt sæteramma er der utskjeringar framme og på sidene. Det meste er skore ut frå eit sirkelmønster. Her er også solkorset med.

Denne Tarald Gahrsen Røyseland var far til den ansvarlige byggmeistaren for nykyrkja: Torje Taraldsen. Broren, Anders (Urestad) og Ola Matiassen Lauen var saman med han om denne kravful-le oppgava. Anders har bygt navet ved preikestolen, og Ola det «blanke navet» ved klokkarstolen. Denne Ola bad seg fri for å gå i bryllup midt under bygginga, men Torje nekta han, og sa at dersom han gjekk, turde han aldri kome att. Torje fælte for at han kom på fylla. Slik gjekk det og. Ola reiste heim og kom ikkje att før dei henta han. Ingen andre våga seg til å overta bygginga av «det blanke navet».

Som ein parantes kan ein ta med at denne same Ola M. Lauen fekk sonen Tarald, som flytta til Herstøl i Sør-Audnedal. Han var namngjeten for sitt arbeid med lerplastikk og treskurd. Han var den første (og kanskje beste?) læremeistaren for Gustav Vigeland, som her i Herstøl la grunnlaget for det kunstverket vi i dag kan sjå att i Frognerparken.

Tolv mann, alle frå bygda, greidde med heile kyrkjebygginga. Mellom anna skal det vere Torkel Urestad som stod for smiearbeidet med låsar og gangjern. Seks kasserte dører med låsar og beslag som han har laga, ligg i dag lagra under kyrkja og bør bli tatt vare på.

Skipet som heng i kyrkja, ser ut til å ha hange først i gamlekyrkja. Det seiest vere Elias Tønnesen Lauen som har laga og gitt det til kyrkja. Sjølv flytte han frå bygda, men foreldra hans budde på Slettevodden. Faren døydde 69 år gammal i 1801.

Ein mann som hadde nær tilknytning til kyrkja, fortalde i krigsåra 1940-1945 at i eldre tid brukte dei å henge opp eit rødt teppe i kyrkja når det var krig. Når krigen var slutt, blei teppet tatt ned att. Dette var sikkert ei sterk påminning om bøn for land og folk.

Som før nemnt, så veit ingen kva tid første kyrkja blei bygt — eller om det kan hende var gudehovet som skifta funksjon? Gamle sagn tyder på at folk måtte vest-over for å kome til prest og kyrkje. På Kvinesheia der grensene for Hægebostad, Kvinesdal og Lyngdal møtest, heiter det «Brule», og sagnet fortel at eit brule (brurfylgje) frå Kvås skulle til Kvinesdal og vigje seg, men fraus i hel her. Minnesteinar er sett opp for dei som sette livet til. Ved grensesteinen Rokkjen på austheia, der Hægebostad, Lyngdal og Audnedal møtest, heiter det og Brule. Her er ingen minnesteinar sett opp, men sagnet fortel at eit brurfylgje frå Konsmo skulle til Hægebostad og vigje seg, men sette livet til her. Dette er ved den gamle «Mannevegen» som gjekk nord for Åbestad og vest om øvre-Gysland. I 1742 kom der residerande kapellan på Hægebostad, så vi kan kanskje ha ein viss peikepinn på kva tid dette kan ha skjedd.

I 1753 blei Hægebostad, Eiken og Fjotland utskild frå Kvinesdal og eige soknekall. Så var det for alltid slutt på «Prestevegen» over Kvinesheia. Både prestar og kyrkjelyd hadde nok prøvt å trosse vinteren, naturkreftene og terrenget meir enn godt var. På Urestadheia står minnesteinane over «Presten» og «Frua» som fraus i hel der på vegen frå Kvinesdal til Hægebostad. Mykje tyder på at dette var den første lutherske presten i Kvinesdal, Anders Lavransen, og at dette skjedde i år 1549.

I 1880-1890 åra kom der omnar i kyrkja. Før denne tid sat folk og fraus og slo beina mot kvarandre under preika. Kvar gard var tildelt sin stolplas etter storleik og bruksverdi. Dei beste lengst framme. Karane sat på sørsida og kvinnfolka på nordsida. Likeins var det på trevet, der ungdomane sat.

Skulle noken gifte seg, måtte det lysast for dei frå preikestolen. Var dei då ikkje sjølv til kyrkje lysingssundagane, heitte det at dei «datt av stolen».

Etter preika kom lensmannen med aktuelle kunngjeringar, og folk kunne treffast og gjere avtalar og betale gammal skuld. Gutane såg på jentene og jentene på gutane, og skifte meir eller mindre løynde augnekast og ord.

Kakemannen møtte opp med kjerra si, i alle fall dei sundagane det var besøk frå grannebygdene. Ein sundag var det «Hægebostad-rei». Då kom ungdomane ridande frå bygdene i sør, nord og aust — mindre frå vest. Gutane rei. Dei hadde gjerne flaska på indrelomma og jenta bak på hestelenda. Ho hadde med seg ei mat-tine med rikelig mat til to. Ein annan sundag var det Konsmo-rei — Eike-rei o.s.v. Det var nok både kappriding og hoisting, ja, drikking og, desse sundagane. Bortsett frå dette siste, så kunne kanskje slike fellessamvær vere aktuelle også i dag. Då kunne prestane i grannebygdene ta seg fri, og folk kunne samlast med nisteskrin og campingstolar til ein prat etter preika.

Når folk kom heim frå preika, var det vanlig før, å helse dei med eit «Velkomen frå kyrkje», og ved matbordet blei det drøsing om kven som hadde «kristnebodn», kva dei heitte og kven dei var oppkalla etter. Så hadde det kanskje vore jordpåkasting på ei eller fleire graver der presten ikkje hadde vore med i gravferda. Alt måtte drøftast både vel og grundig.

Ja, kyrkja stod nok på alle måtar meir i sentrum i eldre tider, og det året ungdomane «gjekk og las for presten» var for dei aller fleste det gildaste og mest minnerike året å sjå tilbake på. Sjølv om mykje blei gløymt, så sat salmeversa og namnet på lesekameratane som spikra fast i minnet langt opp i åra.

Hægebostadfolk har med rette vore stolte av den store, lyse kyrkja si. Utflyttarane bar minna med seg til USA, og i Inwod reiste dei på nytt Hægebostad kyrkje der både namnet og interiøret er det same som i heimbygda. Endåtil på gravsteinane er der gardsnamn frå Hægebostad, fortel dei som har vore der.

I gode og vonde dagar — I glede og sorg — I liv og død — I alt har kyrkja og Gudsordet vore med og prega livet både heime og ute. Lat oss gje¬re vårt til at dette arvegullet blir tatt vare på også i framtida.

Skriftlige kjelder.
Hægebostadboka og bygdebøkene for Kvinesdal/Fjotland.
Jubileumsskriftene for Hægebostad, Eiken, Kvås og Kvinesdal kyrkjer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *