Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Halle Hødn


I gamal tid var det eit bergstrøll som budde uppi Hødn, fjellet ova Uvdal. Dei kalla det Nalle Hødn. Ofte var han Halle heim i Uvdals-gøro, og då vilde han ha mat og drikke tå di likaste garden åtte. Sette ikkje Uvdals-kjerringane på bordet det, tok han Nalle seg sjølv til rettes, og då fór han so stygt fram at det var fæle spøk.

No hadde kvinnfolki i Uvdals-gøro høyrt eit sagn um at var dei god til finne på eit sporak som ikkje han Halle kunde løyse, skulde han bli drepen.

Ein dag han Nalle kom att rekande til Uvdal, vart kjerringane so annsame. Dei sprang um einannan og visste ikkje kva dei skulde gjera korkje fyrst eller sist. Då kunde ikkje han Halte aga seg:

«Ko e de de e so annsamne for?» spør han.
«Jau, me ha høyrt at kungin ska koma her, o difør ljøte me bryggjy åt hono i eit eggjiskudn!» let dei.

Då kunde ikkje han Nalle halda seg stø lenger. Han sette i å le:

«Ha, ha, ha! No ha e vore her so lengji at e ha sett Uvdalshagin rotehøggin o uppattvoksin sjau gonge, men makin ha e 'kji høyrt!»

Då skreik det uppi Hødn:

«I dag ska 'n Halle dukkast!»

Då tok Uvdals-karane han Halte og la han på ein slede og velta han uti elvi, og dermed vart dei kvitt han. Sidan fylgde ikkje eg med lenger.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *