Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

 

Hallingdal Kjøpmannsforening

I samband med 50 års jubileet til Hallingdal Kjøpmannsforening vart det gjeve ut eit festskrift med Knut Tveito, Ål, som redaktør. Her er det mange interessante artiklar og intervju.

Foreninga vart stifta i eit møte på Rolfshus i Gol i 1893, og foreninga vart kalla Hallingdal Landhandlerforening. I 1921 vart namnet endra til Hallingdal Kjøpmannsforening.

I vedtektene heiter det m.a. at «Foreningens hovedformål er at virke til mere Samhold i de viktigste spørsmål for Landhandlerstanden inden Hallingdal». Medlemmene måtte «erlegge en Aarlig Kontingent af kr. 2,00» I paragraf 4 heiter det at «Bestyrelsen vælger af sin Midte en Formand», og den første vart kjøpmann Carl A. Nielsen i Al.

Asle Hesla kjem i 50 års skriftet inn på den første handelsomsetnaden i dalen.

Det var handelskarane som tok til med dette. Dei reiste rundt og kjøpte opp varer hjå bøndene. Varene selde dei i byen, og heimatt hadde dei med seg varer av ymse slag. Smått om senn vart det skapt eit behov, det var sukker, kaffi, tobakk, litt tøy o.s.v. Hallingdal hadde fått kontakt med handelsmarknaden.

Den første kjøpmannen i Nesbyen var Johan Peter Thams i 1828. Ein og annan opna butikk i eit kammers oppover dalen. Så kom den mykje omtala og ofte berykta Gulsvikkøyringa med varefrakt på slede og hjulreiskap. Dalen var på veg inn i handelshushaldet.

Så kom Bergensbaneanlegget med meir omsetnad. Banen kom i drift, og med det endå meir handel. Så kom krigen 1914-1918 med ny handelsauke.

Me har høyrt om dei harde trettiåra, men dette ser ikkje ut til å ha hatt same verknaden for forretningane.

Krigsåra frå 1940 til 1945 vart ei prøve for forretningslivet som for samfunnet elles. Det tok fleire år etter krigen før det vart skikkeleg fart på handelen. Men med anleggsdrifta til Oslo Lysverker og den gryande turisttrafikken begynte hjula å svinge, smått om senn.
Og dei siste 15-20 åra har me vore vitne til reine eksplosjonen innan handelsnæringa i Hallingdal.

H.d. 16. februar 1985

Styret i Hallingdal Kjøpmannsforening under 50 års jubileet. Frå venstre Ola S. Hajem, Ål, broren 0.S. Hajem, Nesbyen, Asle Bergo, Ål, formann, broren Thorleif Bergo, Gol og O.H. Tretterud, Torpo. Fotograf ukjent.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.