Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Halvkaren

Dei unge gutane måtte i båten i 14-15-årsalderen, men fekk som regel
ikkje full lott. Dei la til halvt bruk og fekk halv lott. To halvkarar
på båten var under oppgjeret det same som ein fullkar.

«Eg og han Hans Einarsa i Medfjorden rodde som halvkarar med han far då
vi var i fjortenårsalderen. Vi sat i toft og rodde med kvar si år.
Fullkarar blei vi ikkje før kvar av oss greidde å bere 6 sperrer fisk
frå fjæra og opp på hjellen.»
(Søren Einarsen og Arne Hermansen)

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *