Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Halvlotteskaren

I småbåttida var det svært vanleg med halvlotteskarar i Senja, og skikken var i bruk også i Berg og Torsken.

Halvlotteskarane var helst lauskarar som ikkje hadde bruk og ikkje brydde seg om å skaffe seg det. Del tinga seg plass med ein høvedsmann som var villig til å ruste dei ut med bruk, kost, sjøhyre og av og til også sjøvottar og lestar mot å få halve lotten. Mange halvlotteskarar rodde i årevis for same husbonden og arbeidde på garden hans mellom sesongane for mat, hus og stell av klær.

Det hende ikkje sjeldan at halvlotteskaren fekk dottera til slutt, om husbonden elles var nøgd med han.

Tilårskomne fiskarar leigde ofte ut bruket sitt på halvlottes-basis når dei ikkje lenger vann å vere med i fisket sjøl.

Når husbonden rodde fiske med ein halvlotteskar og drengen som mannskap og hadde ein vinterfangst på 108 våger, så ville full mannslott bli 36 våger. Halvlotteskaren skulle då ha 18 våger og drengen berre dagsroren attåt den faste lønna, altså 6 våger. På husbonden ville det bli 36 våger + 18 våger -I- 30 våger, altså 84 våger.
 (Reiert Rikardsen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

fiskere001.jpg
Illustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *