Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Halvor Fjølle

Halvor Fjølle, Ytre Seljord var med i Krigen.
Han vart dugeleg gamall, men kry og kverv alt til det siste. Alttid totte han moro aa prata um ufredsaari og kunne sitja lange slòtune og fortelja fraa den tid.

Eingong stod det eit hardt slag, og Halvor var millom dei, som laag i baktroppine, reiduge til gange fram i slaglina, naar det turftest. Han saag mange av dei, som var framme, vart raama av kulur og seig døde ned eller vart stiara paa ymse vis.

”Va de kje rædde daa, naar de lang saale's aa venta paa aa bli kondera fram?» kunde dei spyrja honom.
”Nei! me laag saa me spradda etter aa faa kòma fram aa hjølpe kameratan' kòns, me au,» svara han.

Ved Kjølberg bru var Halvor med i sjølve slage. Der gjekk det varmt til, meinte han. Dei laag tvo og tvo jamsides i skyttarlina, den eine ladde og den andre skaut. Sidemannen hans, ein korporal, vart raame av ei kule, stupa ned for føtene hans og var død.

Eingong hadde nordmennane legra seg og trudde seg trygge for fienden. Dei hadde nørt paa varme og sat rundt i legre og koka seg kjøtsupe. Svoltne var dei alle saman og no sat dei og krya seg til det smaksama matamaale, dei hadde i vente.

Best dette er, so kjem svensken yvi dei med skrik og smell. Daa vart det annan dans. Supegrytune tok dei av elden og slog alt saman til elvi, so fienden ikkje skulde faa njota det. Alt, dei kunde faa tak i, ruska dei med seg, og so var det ikkje anna gjera enn ryme
undan, so fort dei vann. For det var faafengt aa setja seg til motverje, slik som dei daa var budde. Halvor hadde nett sendt skjurta si til ei vaskekone, som heldt til attmed legre. Snøgg som ein elding sprang han burt til kona, tok skjurta si or den kokande lutgryta og la paa sprange.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *