Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Halvor Jørnson Uppebøen

Halvor Jørnson Uppebøen i Seljord var au med i Staveren i disse aari. (Fødd 1786).
Halvor var ein kjempekar, baade stor og sterk og dugeleg spræk. I ungdomen var han fælt so kipin og jamleg i slagsmaal. Han fór bygdane rundt og handla hestar og kom soleis til aa duse altfor mykje i drykk og karstak.

EIVIND JONSLID var ein gjetords kjempekar. Han var jamleg i kast med Halvor. Men Eivind stod seg aldri, og eingong paa Lomodden tok Halvor mest helsa av honom og maatte bote 500 dalar.

Halvor ervde ikkje so lite og hadde handla seg upp attaat, so han var mykje rik eit bil. Han var gift med Margit, dotter til Tov Kivle.

Daa han fridde til henne, so skrytte han au av rikdomen sin og sa, at han hadde so mange pengar, at han gjerne skulde byggje bru yvi Kivle-djuve av dei. Men nett daa var det riksbanken spila upp, og ein dansk dalarsetel vart ikkje verd meir enn 2 skilling. Daa vart det reint fant med Halvor, for han hadde lite jord, berre ein lut i Kivle. Men han handla seg endaa uppatt og vart ein velstandsmann.

Men so var han altfor vaagsam i handelen au. Ein vaar hadde han fem tjug med hestar og naut, og det raaka nett til aa koma eit fælt skinaar, so mest kvart grasstraae brann burt. Daa maatte han slaa ihel mange gilde hestar og ky, eller selja dei for lite og inkje. Han fekk ein vond knekk daa, og det gjekk fort nedyvi med honom. lkkje kunde han skipa seg heller.

Etter han hadde vorti gamall, braut han av seg foten og hadde mykje vondt aa dragast med, so han enda paa fatigkassa tilsist.

Halvor hadde makalausa gode evne til aa fortelja. Naar han var i lag eller i andre samkomur, flokka unge og gamle seg ikring honom og maatte faa han til aa fortelja um, daa han laag ute, og fraa den tidi han reiste og var handelskar.

Han døde 1867 og var daa 81 aar gamall.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *