Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

Halvor Uredd


I ei kjørke i Numedal var det så uroleg at følk tørde ikkje gå dit etter det mørkna om kvelden. Ikkje tørde presten gå dit, og ingen annan

Men så var det ein gutt som heitte Halvor. Han var ikkje redd nokon ting. Døm kalla han bare for Halvor uredd. Han gjorde den vågnaden at han vilde gå til kjørka og sjå hå det var som høldt slikt hus der. Følk trudde helst det var underjordiske, difor tok han med sei ein bibel.

Utpå natta gikk’n Halvor med bibelen inngjennom kjørka. Han skulde ikkje sjå til høgre eller venstre, men bare gå beint oppåt alteret og setta sei inni alterringen. Men han såg da så mykje med det samma han kom i døra, at kjørka var full av følk. Han gikk beint fram til alteret og sette sei innafor ringen.

Så tok messa til. Han Halvor satt like still. Men så kom det ein og vilde inni ringen til’n. Da sette han Halvor fram bibelen og sa:

«Ta den du!» Da laut han snu.

Det kom mange etter einannan og vilde inni ringen. Men han Halvor sette bare fram bibelen og sa:

«Ta den du!» Når døm fekk sjå bibelen, sa døm bare «øff», og laut gå. Jamvel presten kom og vilde framfor alteret. Han au måtte snu.

Litt etter tok messa til att. Da var presten kømmi på prekestolen og la til å preke.
Han snakka så seint og så grovt:

«Se mine øine hvor røde di er.»

«Sjå mei i enden hå svart han er!» svara’n Halvor til.

Så høldt han bibelen føre sei, og gikk ut att samma veigen som han kom. Han såg ikkje til nokon kant. Han kom ut att like god.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *