Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Han Amund Rustadbakken var med baade 1808 og 1814

Amund Rustadbakken var med baade 1808 og 14. Han var fødd paa Rustadbakken i Strandbygda; men meste taa levetida si var han i Braataan, so dei kalla han og Amund Braataan.

Ved Trongen var han med og skulde kringrenna svensken, og det vart ein sprengemars paa ei halv mil alt det dei berre kunde ta seg fram. Ein taa kameratane hans Amund gjekk klar og laut leggja seg att etter vegen. Det skulde elles vera litt taa ein latfant og dertil ein hard kortspelar. Daa ropte han Amund aat’n;

«Ja det var full det vi kunde tru, du skulde legge deg att her! Men berre du faar i kortstokken du, so er det liv i deg eu!»

Dei rende daa fram um ein plass, og der fekk dei sjaa ein svensk offiser. Den skaut dei. Med det same kom døra upp, og eit par svenskar tengde seg ut og drog honom inn att. Huset vart daa innringa, og alle svenskane som var der vart tekne til fange.

Han var med leirdølane ved Trongen. Det var svære karar til aa hogga seg fram i, sa han. I det slaget saag han og ein fransk tambur som svenskane hadde. Han la seg paa trumma og gret, sa han.

I 1814 var han med nokre andre ut og skulde sjaa etter fienden, og ute ved Matrandsbrua fekk dei tefta taa svensken. Daa flaug kameratane hans; men han Amund tykte han vilde sjaa litt meir, og gav seg att. Daa kom ein svenske ridande, og daa han fekk sjaa’n Amund, braasnudde han og skulde varsla. Men daa la han børsa aat og skaut, og svensken fall taa hesten og
laag daud. Denne svensken hadde so god kappe, og han Amund var daarleg klædd, so han tykte ho skulde vera god aa ha um natta. So tok han likso godt kappa med seg. Den kappa hadde han med seg heimatt etter krigen, og sette upp henne paa kortspel paa Hommelneset ein gong. Ho vart uppsett for ein daler.

Elles visste han nok aa akta seg i krigen og, han Amund. Han var med den gongen denne krutvogna sprang i lufta. Dei jaga svensken att med ei elv med bratte elveland. Nordmennene gjekk paa so hardt dei hadde jaga mange taa svenskane aat elva. Dei hadde teke krutvogna fraa svensken, og skulde skunda seg aa ha upp vogna. Det var laas fyre, og nykel hadde dei ikkje. Daa ropte kaptein Norgren dei skulde hogga sund. «Men da heldt je meg unda, for je skjønte da det skulde gaa gali lel», sa han sidan, han Amund, «for døm høgg i krut’e saa det tok varme, sir du.»

Naar vi hadde skir paa og fekk svenskane etter oss, hadde vi moro, sa han. Daa kunde vi berre venta til dei kom i passe skotmaal, so skaut vi ein mann, og so pila vi unda og ladde att og venta til næste mann kom.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Vi vann i 1808, og hadde so gjort i 1814 og, men det var svikarar millon dei store, sa han. I sjølve kampen vann vi norske støtt, og vi laut vinna vi, for vi hadde hjelp taa Dyst-kongen. Dyst-kongen er konge over dei underjordiske han, og naar det er fare paa ferde her i ‘landet, kjem han marserande fram under laavbrua paa Dyste med herfolket sitt.

Elles hadde han ikkje alltid so gode tankar um huldrfolket han Amund hell, for han var ofte utsett for deim. Ei tid laag han paa kletten og heldt vardevakt, og laag daa aaleine i ei lita bu. So ein kveld kom han Per Skomakar inn aat’n med ei stor bok under armen og song ein salme. Han Amund forstod vel dette ikkje var rett paa ferd, og sa ingen ting. Daa denna kroppen hadde sunge salmen, gjekk han ut att. Han Amund sette upp fraa benken og saag ut, vilde sjaa kvar det vart taa’n. Men der ute var han som sokken ned i jorda. Han Amund stod der og heldt i dørkarmen og glaamte. Han torde ikkje sleppa den, «elles hadd’n forville meg», sa han.

Aa ja, det er mangt fortalt etter’n Amund. Han var styggeleg hard til aa arbeida, og likso hard til aa eta. Men so kunde han bia so mykje lenger. Naar han var i skogen og hogg, gjorde han berre eit skift um dagen. Han aat fyre han gjekk um morgonen, og hogg so heile dagen utan aa kvila. Men daa han kom att um kvelden, kunde han greia ei eit par tjukke flatbrød og ei gryte med myssmørsupe. Ein gong vart han utan mat i skogen i tri dagar. «Fyste dagen sakne je itte maten, andre dagen vørde jeg det itte større; men trea dagen svalt je stygt», sa han, daa han tala paa dette. Han skulle elles bruka beltegjorda til maal paa kor mykje han skulde eta, sa dei; men no hugsar eg ikkje kor mange hol han skulde flytja ut fyrr han var mett. Det var rimeleg det daa vart lite mat aat Amund, daa han var ute i krigen. Han tala mykje paa det han hadde svolte daa. «Aa nei, maten tyngde nok itte mye aakke i magan hell i skreppa», sa han, «vi fekk litt tørfisk og en to-tri havreskrøtter.»

Han hadde ikkje havt godt av krigen han Amund, for minnet sat i’n, og sume tider kunde det ta so sterkt han trudde han var i krigen att. Med han stod og hogg ved i vedskaalen paa Braataan, hende det rett som det var han rende ut og skotta kring laftet etter svensken.

Han vart tidleg blind, og so kom han paa legd. Etter han vart gamal var han daa lenge paa Bjørnstad. Der var det to svenskar paa arbeid ein sumar. Dessa var han sint paa, og dei var kaate i kjeften, som du veit ungdomen ofte er aat den gamle; hadde moro taa aa erta upp’n ser du.

«Svensken var ittnaa tess!» sa han. «Je har teke mange slike som døkk, je!»
«Du kana ta oss daa,» sa det.
«Ja berre kom hit, saa je faar tak i døkk!» sa han, blinde kroken han laag burti senga.

Han Amund døydde i Nyjordet kring 1860. Mannen der, han Ola, var og med paa Matrandsmoen. Ja det var fleire der fraa same grannelaget, han Erik Braataan og Hans Baanerud. Han Hans var kusk han, og dreiv og køyrde mat og anna tilfang. Han Hans døydde 1889.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *