Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Han Ane i Straumen

Ane hørte til samefolket. Han kom utover til Berg kring 1890 og busette seg inne i Straumsbotn. Han hadde den gamle mor si med og levde i tronge kår.

Ein dag utpå hausten fekk Ane lungebetennelse, og det stod om livet. Mora tok då på veg innover Senja til doktoren på Gibostad etter medisin til sonen. Ho rakk fram til doktoren, fekk medisinen og tok så fatt på den milelange vegen over fjellet og utover til Straumen. Men ho kom ikkje fram. Sommaren etter fann dei henne død oppe i dalen med hendene klemt kring medisinpakken som ho hadde på barmen.

Han Ane overlevde lungebetennelsen, men var elles mykje utsett for sjukdom og ulykker seinare. Første kona hans sette til inve på Straumen då ho skulle hente ved til gards. Båten gjekk rundt, og ho klarte ikkje å komme seg opp på kvelvet. Han Ane såg ulykka frå land.

Ane var gift to gonger og hadde tolv barn. Fleire av barna sette livet til ved ulykker og forlis.
(Arthur Brox)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *