Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Han bar den drepne skothesten te skogs…

(Ola Tomtene fortel um han Gofa-Kristafør)

På Leikebakke hadde dei ein gamal hest dei skulde slå i hel. Dette gjorde han Gofa-Kristafør både fort og vel. «Far, e ha slegji i hel denne hesten!» sa han då han var ferdig. — «De va tjon de, då!» sa faren, «e ha vilja hatt ‘n te skogs.» Dei brukte gamle hestar te rovdyråte so mykje den tid. «De e nokk rå me di,» sa ‘n Gofa-Kristafør. So tok han hesten i ein svolk og bar han te skogs.

Hjå Ola Tomtene

Det var i romjoli 1932 og fint sparkføre. Vegen låg i is lange leite. No skulde det vera godt koma ut og få frisk luft i lun-gane. Med ei «svartebok» i lumma var eg og sparken snart på veg til Aurdalsbyen. Der budde Ola Tomtene frå Leirskogen i Sør-Aurdal. Han skulde kunne noko av kvart, hadde eg spurt. Ikkje svartekunster — langt i frå det! Men gamal god bygdesoge! Noko vindalt og grugge var det i veret då eg for, og før eg kom fram, slagregna det. Det var difor rett ei uverskråke — blaut og frosi — som kom inn te Ola Tomtene. Her var det som eg skulde kome heim. Ved ein glovarm omn fekk eg turka dei våte klædi mine, og ein god, heitt kopp kaffi kveikte.

No visste eg at Ola var god te få når det galdt å fortelja frå gamle dagar. Difor gjekk eg like på ærendet mitt:

«E e ute fere o vil veta noko frå gamle daga. De e sagt me at du Ola ska kunne so mykje slikt. Du kann førtelja um ko du vil!» Og eg slapp bie lenge.

Um han Gofa-Kristafør

Um han «Gofa-Kristafør» kann du gjerne få vita noko um, tek Ola Tomtene te ords, og set seg te rettes i ein god stol, og so kjem soga, lett og leikande.

Han Gofa-Kristafør var fødd og uppalen på Leikebakke på Leirskoge. Det var visst um våren året 1734 han var fødd. Mor hans gav ikkje suge. Men far hans visste råd. Han slo ihel ein følunge som nett var komen te verdi. So let han den nyfødde gutungen få mjølk av merri. Og det kraftige uppalet kom nok te syne på guten, skal du få høyre. Tidleg vart han ein uvanleg frøk førk. Det går mange sogar um den store styrken hans.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *