Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Han Gjermunn Ryllen

Han Gjermunn budde uppi Vegglid paa ei stelle. Han var so fæl til aa rylle, og difor so kalla dei han Gjermunn Ryllen. Det var so helvti ein doktar, mein’ eg, og so fór han her austanfyre, det var vel med noko handel.

Eingong kom han til ein rik gauve, eg trur det var Ringnes’n. Ja han hadde no vori der fyrr, so dei var kjende. Men denna gongen var Ringnes’n sjuk, og so spurde han han Gjermunn, um han kanskje kunne vita ei raad for det. Jau, han let ikkje so umogeleg anna han kunna kanskje det med.

”Før du har vel dei slagje som ska te, du,” sa han.

Ja, haa skulde no det vera, lura Ringnes’n paa. Jau det var no øl og brennvin og gamalost — aaja det var visst anna med.

Det vart daa tilslutt til det, at han skulde prøve, og Gjermunn koka ihop ei suppe, som hin skulde taka inn. Han so gjorde um kvelden med same han la seg. Gjermunn skulde ligge i ein benk i same rome. Men det skulde mage til tola slik medisin, og det var ikkje lengi, fyrr Ringnes’n maatte upp og ut, og detta det helst heile notti,

Daa fór han til aa tenkje paa, at Gjermunn kanskje hadde gjort detta berre paa stinne fulheit, han hadde no so mykje aa finne paa, og so var han burtaat benken og lydde, um han laag og lo. Han høyrde inginting; men Gjermunn fortalde etterpaa, at han maatte bite tennane ihop, elles hadde han spruta i.

Um morgonen fortalde sjukingen, hossen det hadde haldes med honom um notti.

”Ja, dæ va gøtt dæ gjikk ne o inkje opp,” sa Gjermunn.

Og det trodde Ringnes’n med. Og besna gjorde han – hossen det no hadde seg. Og venir var dei som dei fyrr hadde vori.

yr Klikk for værmelding for Rollag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *