Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han Grytvik-Kristian var frami noko troliheit…

 

Han Grytvik-Kristian var frami noko troliheit burtpå fjellet deira. Han hadde vore frå heimen på noko slags arbeid; dette var ein laurdag, og han kom gangande hitover. So tok han til å kjenna seg so visen og mødd; men han onna på for å nå heim, for han leit på det vilde gang over. Dette seig berre meir og meir til, og då han kjende han ikkje vann det lenger, svinga han ut frå vegen, mot ein stein, og vilde dry av der urlite til det gav på seg. Men i det same han var åt og sette seg, fekk han som ei varsling, det kjendest som noko sa, at det var ingen fagna kvilarstad dette. Han Kristian retta seg etter det og drog burt frå steinen. So kom han til å sjå seg attover. Då var det kome ein skapnad på steinen; han stod lutte framover og kava med armane som han hadde styra i eit deigtrog. Men i ein blunk var han burte. I det same var det kome ei langhåråt geit dit; ho vistes so ferm, ho smått raida med kroppen. Vart so burte. Det næste han no fekk sjå, var ein kole svart mann, med utslegne armar. Og han vart burte på den måten han stupte seg attover (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *