Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Han Haakaa Jonsen var god til aa skyta…

Han Haakaa var god til aa skyta, men ein hardhjartug mann. Ved Onstadsundet laag han bak ein stor stein daa svenskane sette over Glaama, og ladde og skaut, ein mann for kvart skot. «Ja, der var det morosamt, gut», sa han, naar han tala paa dette sidan, «det var som aa vera paa fugllek det.»

Ein gong dreiv nokre taa offiserane og skaut til merkjes; men dei var kleine skyttarar, so det vart mykje bom. Dette stod han og saag paa, han Haakaa. Han var full so han degja, og so gjekk han burt aat ein taa deim. «Ta hit!» sa han, og greip etter børsa. Ja, han fekk børsa, og blink skaut han.

«Der!» sa han, og flidde brorsa attende. «Skitt til karer!» So gjekk han.

Daa han kom att fraa, krigen, gjorde han soldatteneste for ‘n Ola Syverin Aaset. Han vart so stygg til aa drikka han Haakaa, og daa bar han seg so grovt aat i fylla, so det var ofte han fekk juling naar han vart fastande att. Men det var som korkje julingen eller brennevinet tok noko større paa han, for naar han fekk juling etter ei slik fyllkule, gjorde han eit rundkast etterpaa.

Etter han vart ferdug med soldatlivet var han reint eit dubbelmenneskje. I fastande lag var han velsedd kvar han kom, for daa var han hugsam og bra paa alle vis. Men kom han full, var han reint ei plaage, helst i yngre dagar, for daa laut dei bruka makt paa han fyrr han var folk. Han kom til Nabset ein gong, det var herre kvinnfolk inne. Der vilde han ha brennvin, og daa han ikkje fekk det, vart han sint og vilde reisa kjerringa paa varmen. Kvinnfolka ropte daa paa ein taa karane som dreiv ute, han Ola Jonsen Stormoen, Gammel-Jonsern som vi kalla han. Det var ein liten, men god kar, denne Jonsern. Han kom inn, tok ‘n Haakaa og kasta ‘n med hovudet fyre mot ei utdør, so døra flaug upp, og han Haakaa vart liggjande ute som daud. Kvinnfolka vart rædde dei, og trudde han hadde slege i hel seg.

«Aa langt ifraa da!» sa Jonsern, «han Haakaa har faatt saa mye juling og har fere saa mango slike ska’ferder, saa det bit ittnaa paa’n».

Og Jonsern hadde nok rett, for best det var stod ‘n Haakaa upp att og gjekk han.

Daa han vart gamal, kom han paa legd. Men han var ikkje god til aa slaa seg til ro nokon sta’n, laut gaa i kring, og daa sleit han mykje vondt. Serleg for ungdomen stygt aat med han. Ein vinter kom han aat ein gard, og hadde frøst fingrane sine so det var store saar. Daa var det nokre ungdomar som skulde ha moro med dette og. Dei skulde finna noko aa, ha paa so det skulde bli bra att. Kom so med sildlake og hadde paa, so han rende rundt i stua og buska armen. Det tykte dei var morosamt.

Han drukna i Skynna ein sumar, han Haakaa. Han skulde uppi og fiska, og so kom han ikkje att. Dei laut daa upp aa sjaa etter’n, og daa laag han i åa. Han hadde stupt uti, og laag med spøet i hendene, og paa kroken sat det ein fisk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *