Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Han Henrik Sløkjudalen

Han Herleik var visst komin fraa Vindegg; men budde ei tid i Vegglid. So var han paa frieri paa ein gard her nordi. Gjenta ho laag paa hjellen, og han skulde no fara longt og hadde av seg styvlane nede, og sette dei ifraa seg der. Men so var det ein skomakar med der i huse paa skoarbeid den tid, og han laag og lydde og høyrde paa detta, og hadde hug til aa finne paa eit spell, og so fylde han styvlane hans med vatn og smette dei ut i gangen. Detta var um vinteren, og dei botnfraus. Um morgonen, daa Herleik skulde heimatt, so veit du han fekk ikkje paa seg paa beini, han maatte sitja ved peisen i lang tid og tine paa støvlane sine. Og det verste var, at kjerringi ikkje lika denna friaren til dotter si.

Det gjekk vel kanskje baade aar og dag, fyrr Herleik fekk lønt att skomakaren for detta. Men so var det ein dag han skulde upp til Lofthus paa skoarbeid, so sette han att verktyskreppa si ute og gjekk inn i Fossebrekke til han Herleik, han budde der daa. Der skulde han ha traktering, og med han sat ved borde og fekk seg mat og kaffi, so var Herleik ute og gjorde sine ting i skreppa hans, spende ho fint att og sette ho som ho stod. Daa so Herleik kom til Lofthus, so sette han skreppa, si paa borde og skulde til aa draga fram reidskapen sin — men daa han fekk sett ned i ho, var det ikkje lengi, fyrr loke kom att, og so laut han til bekken aa vaske alt saman. Men so var karane skuls med.

*     *     *

Sea fór Herleik til Amerika; det var vel ikring 1840. Han var visst i fylgje med Lars Kvenndalen og ein dei kalla Nils Halling. Straks dei kom dit, stelde dei seg til aa gjera falske pengar. Dei bala ein heil vinter med detta, eftersom og hev høyrt. Det skulde vera Lars Kvenndalen, som fann paa det og var hovudmannen heile tidi. Vaaren etter kom dei hit til lande att og skulde yte ifraa seg att vara si, for det var norske fem-dalar-setlar dei hadde greidd til. Dei hadde nok tenkt, dei skulde gjort eit storvarp med detta. Men det gjekk gale for dei alle tri. Dei vart tekne og kom i rettens hendar og fekk mange aars slaveri.

*     *     *

Etter at han Herleik kom ut att or straffa, kom han her uppatt i dalen, kjøpte Sløkjudalen i Verjedalen og livde der resti av sine dagar og vart ein vælhaldin mann.

Bror min var hjaa morbror paa Vehus med han var litin, og der var det ein gutunge paa same alder. Dessa smaakarane var ofte i Sløkjudalen daa. Han Herleik var smaaløgin og rødde med gutane og fann paa eit og enna, som dei undrast hardt paa.

Ofta sat han duppa, med braudmolar paa kjøtmatgryta og rødde med dei underjordiske.

”Ja, no fær de komma da,” sa han.

So var dei med han og duppa daa, veit du, og so sat han og rødde med dei so laagvori.

Men som detta hadde haldest eit bil, so sa han det: ”ja, no fær de gaa att, elles fær de inkje noko ein a’n gong.”

Daa rusta dei sin veg.

Men gutungane lura, veit du.

Paa same tid, som han Herleik budde i Sløkjudalen, budde han Krull-Asle i Viken. De var no rette karane saman, lentuge og morosame som dei var baae tvo. Dei sette namn paa einannan med. Asle det var Kaptein Vik, og Herleik det var Kjeiser Dal.

yr Klikk for værmelding for Rollag

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *