Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Han Hinn og han Roll

Han Hinn budde i HinnsteinenHinnøya og han Roll budde i Rolla . Han Roll hadde slik ei vakker dotter, han. Denne dottera hadde han Hinn så vore og forelska seg i. Han Hinn og han Roll hadde aldri vore særleg gode vener. Venskapen vart ikkje noko betre etter dette. Men han Hinn tenkte at han likvel fekk prøve. Dottera hans Roll ho ville han for allting ha. Så difor fór han ein dag over Vågsfjorden i friarærend. No ville han krevje Rollmøya. Han bar fram målærendet sitt, og han lovde han Roll både gull og grøne skogar om han kunne få dottera hans. Men han fekk nei til svar. Det var òg eit avgjort nei. Han Hinn vart no ikkje sein om å ta på heimferda. No ville han hemna seg, og det ville han gjere til gagns. Så gjekk han langt opp i Hinnfjellet og braut ein stor lang stein og heiv steinen med slik fart at det lynte over Vågsfjorden. Steinen råka den stolte Rollmøya midt i panna så ho stupte. No rann sola og Rollmøya vart til stein. Ennå kan ein sjå henne frå Ivarstadkjerka. Han Hinn vart ståande oppi fjellsia på Hinna, og står der den dag i dag. Han Roll kom seg inn i Rolla, og der skal vere mange ætlingar etter han i bygdene kring Vågsfjorden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *