Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo


Han Isak – maolaren

Isak var fødd i Osa i 1857. Han var målar av fag og ein lettliva kar, kvikk i replikken, og han sette pris på eit friskt ordskifte.

Isak brydde seg lite om å vera som andre. Tvert om, han la vinn på å vera annleis, på å vera seg sjølv i eitt og alt. Han var glad i ein dram og eit glas øl, – likte godt å «sitja i kjellaren», som folk sa. Dei sat gjerne der når dei hadde oppskoke. Men noko «alkoholproblem» hadde han ikkje.

Isak var ein grei kar, ordhitten og «løgjen», og det går mange risper etter han.

Det var ikkje veg til Osa i dei dagar, og det kunne vere meinsis. Ein gong var tre mann på veg frå Osa til Øydvinstò. Isak var med. Isen var utrygg, difor hadde dei båt med som dei skuva mellom seg.

Dei snakka om korleis dei skulle skaffe seg agnsild. Isak hadde von om å få noko agnsild hjå ein kjenning. Han gjekk og fortalde om dette. Han sa:

«Naor eg fær» – dermed gjekk han gjennom isen og vart borte. Men om eit bel fekk han hovudet over iskanten og heldt fram som om ingen ting hadde hendt – «so ska de fao òg»

***

Ein gong gjekk han gjennom isen på eit fjellvatn. Han var åleine, men kom seg opp att. Sidan fortalde han slik om denne hendinga:

«So laog eg dar å kava, men kom meg ikkje opp atte. So tenkte eg da va beste å gje opp alt, men so tenkte eg atte da va ikkje godt da helde. So kom eg pao atte eg sku halda pusten, å da gjore eg, og dao sumde eg langt innyve isen»…

***

Ein av brorsønene til Isak har fortalt at Isak vann tre tusen kroner i eit lotteri. Det var mange pengar i den tida – kring hundreårsskiftet. Pengane varde ein vinter. Det meste gjekk til vin. Og då hadde Isak mange vener. Om våren var det slutt på pengane og venene var borte. Men Isak hadde teke vare på kapslane. Han støypte dei om til ei kule. Den synte han til venene sine og sa: Her kan de sjao ka me ha drukkje upp i vøter»…

***

I 1920-åra dreiv kunstmålar Lars Osa og pussa opp Ulvik kyrkje innvendig. Isak gjekk innom av og til for å sjå på arbeidet. Ein dag kom Isak medan Osa heldt på å gjere ferdig apostelen Markus. – Osa såg på Isak: – No – kva tykkjer du?

Isak såg lenge på målarstykket, så sa han:

– Han æ f… ikkje lik seg. Da va ikkje slik han saog ut.

***

Det var ein som ville terga Isak og han fekk han sint. Isak sa:

«Du æ ein tosk, –  ein store tosk æ du. Far din va ein tosk han òg. Å mor di va ikkje likare ho helde»…

***

Å gjere stemplakastet var å kunne setje båe føtene i taket eller i bjelken samstundes, og likevel kome ned att på føtene. Dei måtte vere sers raske og mjuke for å greie det.

Det var ikkje mange som greidde det på Isak si tid heller, men Isak greidde det.

Bror til Isak — Magnus Bergo gjorde stemplakastet. Dei sa om Magnus at han gjekk frikar på Moen det året han stod læreturen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *