Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ha’n itt vørre der og mert’n åt se da du

På 16-hundretalet var det ein mann på ein gard i Støren. Denne mannen såg ikkje råd til å greia dette livet lenger, og så bar det ikkje betre til enn at dei fann han i eit reip på låven. No ville dei helst dekka over og halda hendinga løynd, og husmannen var med og skar han ned.

Mannen vart lagt i kista og stelt på vanleg vis. Det gjekk for at han hadde stupa og ikkje reist seg meir.

– ”Han belt itt meir,” sa husmannen da han bad til gravferda.

Det vart stellt til gravferd etter gammal seg og skikk. Grannar og kjenningar ville gjerne sjå den døde. Husmannen var med på buret han òg. Da fekk dei sjå at det var knytt eit svart band kring halsen på liket.

Ingen sa noko, gjekk berre stilt ut. Komen utanfor burstabben, sa husmannen:

– ”Ha’n itt vørre der og mert’n åt se da du.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *