Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Han Jo som tussan tok.

Frå stroket her veit ein om to-tre stykke som vart tatt av tussane. Det var ein ung gut og to småjenter.

Guten var frå ein gard i Bordalsgrenda i Soknedal. Ein dag vart han søkkt borte frå garden Hov. Ingen skjøna kvar han kunne ha gjort av seg. Han var borte i fleire dagar, og det vart ringt med kjørkjeklokkone. Da han kom heimatt var han rar og fåmælt av seg. Han fortalde at han hadde vori ut i Svartåsane og vori brurahest åt tussane. Dei hadde ført han med seg utover marka, og han slapp ikkje heimatt før brudlaupet var over.

Etter denne turen var han nokså rar og tomsete av seg. Han vart seinare kalla: Han Jo som tussan tok.

I ein gammal huspostil på garden Lillebordal der han Jo var ifrå, står det skrivi ned noko om han Jo og lagnaden hans. Postillen er prenta i 1612, og på eit blad i denne boka står det:

Ole Arntsen Lillebordal 1881. Jeg vil optegne noget som er hendt her på denne gård, nemlig på Lillebordal i Soknedalen.

Min bestefars broder bortkom på Hof og ikke var sig bevist førend han var i syd for Sveum gård, da han fikk høre kirkeklokkene. Det var onde ånder som hadde magt med ham, de kaldte dem underjordiske den tid. Han var ikke så taleferdig siden som før. Hans navn var Joen Arentsen Lille-bordal.

Ved same høve vart det fortald om ferda hans Jo som brurahest for tussane uti Svartåsane. Kleda hans var fulle av gjørme og myrjord da han kom «te grens att».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *