For bilder fra Overhalla, gå inn på Overhalla
historielag’s fotoarkiv.


Kilde
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1977 side 42

Skriftstyrar: Kolbjørn Gåsvær
Av: Johan Risvik

Han Krestafer og ho Sofja

I bygdeboka for Overhalla, bind 3, side 464, kan ein lesa:

”Rønningsmoen hette en husmannsplass under Risvik bnr. 3, som daværende eier, Andreas Nilsen Leksås festet til Kristofer Stensen Flasnes og Sofie Mathiasdtr. Haukmoen.

Kontrakten var datert 13/10 1860.
Bøksel 25 spd.
Årlig avgift 4 spd.
Dertil pliktarbeid 2 uker å skjære 4 tolvfenninger korn.”

Dette var den siste husmannsplassen som vart rydda og bygd i Risvika.

Kristoffer var frå Flasnes, son av Sten Olsen Flasnes og kona Karen Samuelsdatter Risvik. Sofie var frå Haukmoen, ein plass oppe ved Galguft-elva. Ho var dotter av Mathias Eriksen Haukmoen og kona Karen Larsdatter Fuglår.

På bygdadialekten kom det alltid til å heite: Han Krestafer og ho Sofja. Plassen dei tok til å rydde, hadde fått namnet Rønningsmoen, men det vart aldri sagt anna enn Krestaferplassen.

Dei hadde fått tak i eit gammelt stabbur på ein av gardane. Dette stabburet vart den første stua deira – ikkje så ruvande akkurat der ho stod på fire stubbar. Eit einaste rom var det der, med eit halvt loft over, ein hems dei kalla. Det var såleis ikkje stor tumleplassen dei  hadde når dei var inne. Når så Sofia hadde veven oppe, var det mest så dei måtte smyge seg fram for å komma innåt matbordet. Og veven måtte jamt vera oppe, for det var livberginga deira, det. Det dei kunne få omsett frå veven – utanom det dei brukte sjølve – det tok dei til martnan. På Mælarmartnan bytte dei til deg sild, fisk, salt og andre ting dei såg seg råt til.

Ho Sofja var flink med hendene. Ho var, som nemnd ovanfor, frå Haukmoen. I Årboka for Namdalen for 1967 skriv fylkesskogmeisteren har vore, Karl Mørkved, om desse Haukmofolka. Dei skulle vera så framifrå flinke handverkarar at det gjekk gjetord om dei langt utover bygdene. Ho Sofja var altså av denne slekta, dotter til den mest kjende av Haukmokarran, Mathias Eriksen. Laget hadde ho såleis fått i arv heimanfrå.

Husmannsborna måtte tidleg ut frå heimen for å tene for føda. Sofja kom til Glømmen. Først som gjetar, og seinare, etter ho vart vaksen, heldt ho fram som tenestegjente. Her fekk ho si opplæring i ”livets skole” som det heiter. Var dei heldige, kunne det vera ein bra skole, og Sofja var nok ei av dei som var heldig i så måte.

Om den første stua på plassen var lita og trong, så fekk det klare seg dei første åra. Seinare fekk dei bygd seg ei nett lita stue med fleire rom. Der var det kjøkken, stue, kammers – og så ei sval, eller bislag utanfor kjøkkendøra.

Krestafer var ein dugande arbeidskar. Det var særleg på to område han var langt framom andre. Det eine var å skjere korn med sigd, der var det ingen som kunne måle seg med han Krestafer. Derfor er det kanskje naturleg at pliktarbeidet i følgje kontrakten var å skjera korn.

Til å byggje skigard var og Krestafer ein heil meister. Dei vrei vidjer som dei batt skigarden med – helst av lauvtre, men og av grankvistar. Seinare, da ståltråden kom i bruk, vart det mykje enklare.

Krestafer hadde lett for å prate. Fekk han litt av det sterke innafor vesten, vart han nok litt høgrøysta og dkrytande. Når han så kom heim til ho Sonja etter ein slik tur, kunne det jamt ryke opp til uver.

Men han Krestafer visste kor han kunne snakke for seg, og han visste korleis han skulle snu seg. Det er ei herme etter han Krestafer frå eit slikt høve, der det heitetr:

”Å du Sofja, du e så grom, hadde eg itj deg, Sofja, så veit itj eg.”

Såleis godsnakka han med ho Sofja – og uveret rak over.

Krestafer og Sofja hadde fire barn, fire døtre: Sanna, Karen, Olea og Beret, og dei har slekt etter seg spreidd vidt utover.

Krestafer døydde på den store dagen i historia – 7. juni 1905. Sofja levde og budde på plassen i enda mange år. Dei siste åra hadde ho berre sauer. Så datt ho på hålka ein vinter og braut av foten. Da gjekk det ikkje lenger å vara på Krestaferplassen. Ho flytta til ei av døtrene, der ho var til ho døydde.

Det er ikkje så mykje som minner om Krestaferplassen no. Husa er borte for lenge sidan. Hustuftene er jamna ut. Åkerreinene i bakkehellinga – som var lagt opp med grev og spade gjennom mange år – har moderne landbruksmaskiner jamna ut. Dei store kampesteinane der ho Sofja sat med bundingen når ho gjætte sauene, er sprengde i tusen bitar og køyrde bort.

Enno har vi namna Krestaferbakken og Sofjamyra. Trulev vil desse namna verta hangande ved ei tid og minne kommande slekter om at her rydde og budde plassmannen Krestafer og kona, ho Sofja. 

For bilder fra Overhalla, gå inn på Overhalla
historielag’s fotoarkiv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *