Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han Kristian Jenso var gangande til Kvæle

 

Han Kristian Jenso på Drage var gangande til Kvæle ein kveld. Då han var uppe under Trolldalen, vart han vis noko som kom rullande kant i kant nedetter bakken. Det var motes som ein sekk å sjå til. Men han tordest ikkje sjå meir etter det; han la på sprang (Saltdal).

Ja, noko av det same var det eg såg ved Nygård.

På eit stelle der har nokre lappar havt tjæreverk gammalt attende. Og ein gong dei var i arbeid, hadde dei vorte so groveieg ustelt, so hadde det borest i slagsmål, og under dette vart ein av dei drepen. Attpå dette kallaset har det ikkje vore vidare trygt der.

Eg var ein kveld gangande til Stormyrhals. Og dentid eg var med denne lappdallen, vart eg vare noko rundt som kom lunsande etter bakken. Noko redd vart eg, det skal eg ærleg tilstand; men eg gjekk min veg og kom heim utan å bli for noko meir. Eg nemnde ikkje med eit ord det eg hadde set; men far-gubben må ha set det.

«Du kann kom å gang me me ut ulite, du Pe,» sa han.

Då vi var på tropphella, bad han meg gang med til stallen. Der vart eg no pålagd å stryka hesten, og deretter laut eg gang ein gong rundt han. Og med det bar det no baker i stua (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *