Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Han Kristian Nysætra kom på ein stororm

Han Kristian Nysætra kom på ein stororm aust for Ljøner. Det var enda ein vårmorgon i 1875. — Han Kristian hadde vøri og mælt opp noko tømmer på Bolskogen. Som han gjekk etter vegen, fekk han sjå at det glansa i ein lang og grov sotstokk. Men da han kom nærmare, så synte det seg å vera ein stororm. Hovudet på den var som på ein velvaksen hare, og kroppen var kring 7 alner lang og 5 tommer tjukk.

Han Kristian fann seg ein sterk staur og gjekk på han. Men karen fekk nok å gjera. Hadde han ikkje vøri så god som han var, så hadde det set meir enn spegleg ut. — Ormen slo med halen så sanda gauv i vegen. Men etter nokre harde drag over nakken og hovudet dovna den av og var ferdig.

– Han tvinna sæ kring staurn før mæ, sa han Kristian, og det var eit heilt løft i han.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *