Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Han kunne det også

Ei kone ved Stensli fekk så stygg naseblodbløding ein vår. Det var omkring 1909. Blødinga var så stygg at det sto om livet.

Dokter var det ikkje råd å få, men dei visste om ein kar på Graftås. Han hadde ord på seg for å ha lært å stemma blod. Dei ringte til han.

–    ”Nei det der kan jeg ittnå med sa han.”

Han fekk vita kven som blødde og han var godt kjent både med henne og folket.

Og blødinga stoppa med dei tala med mannen.

–    ”Det stoppa no,” sa han som tala med mannen på Graftås.

–    ”Ja, det er bra det. Du må helse,” sa han og dermed la han på røret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *