Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Han Lund i Halm

Handelsmannen på Langbaren i Hamn heitte Adolf Lund. Han var ein nessekonge av den gamle skolen, og det lever enno mange historier og herm etter han. Han hadde si rot i eit typisk overklassemiljø, var streng og rettskaffen på sin måte, men hard i innkrevinga og gav nødig meir for fisken enn han var nøydd til. Ein dag kom ein høvedsmann på land med båten søkklasta av fisk. «Ka e' prisen?» ropte han opp til Lund som stod på kaia. «Det er 4 øre kiloen og leveren attpå,» svarte Lund på det stive bokspråket sitt. «Han steiki for ein pris,» sa fiskaren raud og sint. «Ja, stek bare De, min gode mann. Jeg har holdt Dem med margarin hittil og må vel gjøre det herefter også,» svarte Lund.

Handelsmannen i Hamn hadde mange søner, og ein av dem var Roald Lund, seinare kjøpmann i Tromsø og Oslo. I eit langt brev til forfattaren av denne boka fortel Roald Lund om liv og vilkår i Hamn og på Verket i 1880-1890-åra, og skildrar folket der med stor velvilje:

Far min, Adolf Elias Lund, var fødd i 1849 på garden Sørkjosen i Nordreisa. Mor mi heitte Hanna Bolette Borchgrevink og var fødd i 1858 Kåfjord i Alta. Farmor mi var fødd Hagen og kom frå Karnes i Lyngen. Far døde i 1922 i Tromsø og er gravlagt der. Mor døde i 1926 og er også gravlagt i Tromsø. Morfar min var Ole Borchgrevink, direktør ved Senjens Nikkelverk. Han var gift med Ida Marie Lie, dotter til sorenskrivar Lars Lie i Alta.

Då far min var 16 år, døde far hans, og far kom då til sorenskrivarkontoret i Alta og derifrå til forretninga ved Senjens Nikkelverk. Noen år seinare kjøpte han Langbaren av Eilert Brox på Bøneset. Eigedommen rakk frå Oterelva inne i Mølnekjosen og ut til Hellands-urda. Holmen ved sida av Langbaren heitte Verkesholmen og hørte visst også med. Då moloen kom, blei denne holmen knytt til Langbaren.

Senjens Nikkelverk blei nedlagt i slutten av 1880-åra, og maskinar og andre verdfulle ting blei henta heim til England. Den gongen gjekk det båt mellom Senjens Nikkelverk og Swansea i England, der hovudkontoret var.

Det budde ei mengd med folk på Verket, og mange av dem reiste til USA eller fekk seg arbeid på andre bergverk då nikkelverket i Hamn blei nedlagt.

Kjerka på Verket blei nedlagt i 1890-å ra. Eg kan så vidt minnes at dei heldt på å rive tårnet. No står ho på Helgøy. Det store direktørhuset blei kjøpt av Bakland i Tromsø, og det står no på nordsida av Nansens plass som leiegård. Skolehuset blei visstnok selt til Lavangen og brukt til bedehus der. Alle dei største husa blei reven ned og ført bort.

Like nedafor kjerka stod ei lang brakke som dei kalte Langtarmen, og der budde der mange familiar. Øvst til høgre var det Henrik Thomassen og kona hans, Mekina. Dei hadde ein son som blei buande på Verket, og så hadde dei tre vakre jenter, Laura, Klara og Alette. Laura blei gift med Johan Johansen i Barbogen, Klara med ein maskinmeistar i Harstad og den lyse, blide Aletta med Ludvig Utvik på Verket.

Neste nabo var Jakob Aajala og hans Kari. Aajala var finsk og kunne dårlig forstå norsk. Så kom Jaaggi med si Kaisa Jaaggi var trandampar heile sommaren hos far. Så var det Wintori og Rakel, og så skomakar Olsen, gift med den alltid smilande Elvina. I rommet ved sida av skomakaren budde Johan Deppola med si Tilda. Deppola og Henrik Thomassen har visstnok murt opp alt det som finst av mur i Hamn, og til sist murte dei alle trappetrinna heilt opp til toppen av holmen.

Lengst til venstre i Langtarmen budde enka Henriette Nilsen med fire barn. Johannes, mannen hennes, døde tidleg, men ho kjempa tappert og avslo all hjelp. Ho var eit strålande menneske som arbeidde natt og dag og klarte å få endane til å møtes. Sonen Adolf bur i Tromsø og var i mange år matros i T.F.D.S.

Midt på Verket stor Aron Kristiansen sitt hus, med vassspring utafor døra. Den eldste sonen, Peder Aronsen, var sjømann og kom heim frå Japan med flotte bartar og ein liten skjeggflipp på haka. Han blei gift med den vakre Lavina Hind som var i huset hos tanta si, Emilie Hansen, fødd Hind frå Bergsøyan. Dei bygde seg hus der skolehuset eingong stod og hadde åtte søner og ei dotter.

Den eldste dottera til Aron Kristiansen, Emilie, gifta seg i Oslo, men blei tidleg enke. Ho tok gjestfritt imot alle nordlendingar og fikk namnet «nordlendingenes mor». Hennes gamle foreldre og dei fleste av søskena kom nedover til henne. Ho var ei sjarmerande dame som aldri sa nei når noen bad om hjelp.

Lenger ut på Verket låg den såkalte «Festninga», og der budde Johan Linder og kona Jørgina. Linder dreiv heimefiske heile året på Ballesvika og Teistevika saman med sønene Hans og Maldevin. Hans omkom på sjøen.

Så var det los Johan Utvik, gift med Ingeborg Brox frå Bønes gard. Han var ein modig sjømann som ikkje kjente til frykt. I den tida måtte alle Russlands-fararane gå utom Andenes og Senja og kom så inn Hekking-råsa. På Andenes var det losstasjon, men ofte var trafikken så stor at alle losane var opptatt, og så søkte skipa inn Andfjorden mot Månesodden og Teisten og våga seg av og til inn mot Teistevika, der dei kunne ligge og flagge etter los i dagevis. Johan Utvik var også ein dyktig høvedsmann og fiskar, og sonen Ludvig, som i alle år var med faren, gjekk i ein god skole. Seinare fekk Ludvig si eiga skøyte, «Aletta» heitte ho visst etter kona hans, og han var ein dyktig drivar. Skøyta til Peder Aronsen heitte «Dion», og han var også ein driftig og heldig fiskar på Senja-havet og Finnmarka. Eit par år gjekk han også med «Dion» i post- og passasjerrute mellom Tromsø og Spitsbergen. Det var nok ofte ein sur jobb!

På Langbaren var det sjølsagt mange hus utanom våningshuset. Det var telefonbygning med gjesterom, og det var eit tinglokale som også hadde gjesterom. Så var det fjøs, rorbuer, naust, ishus, bakeri, trandamperi og graksekokeri. I bakeriet residerte bakar Nordby som var i Hamn i tretti år og var kjent for sitt gode brød, sine aniskringler og sin skånkavring. I fisketida bakte han kvar dag, men i den stille tida berre eit par gonger i månaden. Trandamperiet hadde Brynjulf Ladnes frå Meistervik ansvaret for. På bakeriloftet budde dei månadskarane som hadde fast arbeid i vintersesongen med henging og salting av fisken.

I fjøsen hadde vi på Langbaren som regel tre-fire kyr, noen høns og ein gris. Vi hadde ikkje jord, men leigde slåtte av presten kvar sommar ute på Færøya. I sommartida hadde vi krettura i sommarfjøsen i Innerhamna, og dit måtte vi ro. Vatn måtte vi hente på fat inve i Mølnekjåsen, heise fata opp på kaia, sette dei på tralla og kjøre dei inn til kjøkendøra. Bakar Nordby hadde ansvaret for vass- og vedforsyninga, så når han ikkje bakte, var han for det meste i vedskjåen. I den store salen i tingstua hadde retten møta sine. Salen blei også brukt til andre møte og basarar, og av og til fekk ungdommen danse der.

Far hadde ei skute som heitte «Lodden». Ho blei ført av skipper Hans Beck frå Tromsø. «Lodden» segla til Bergen med tørrfisk, tran og rogntynner, og kom oppover igjen med reine tynner til medisintran og rogn. Eg minnes at noen av tynnene var fylt av deilige brød frå bakar Martens i Bergen. Sirupskakene frå han var det beste vi visste. Dei heldt seg mjuke i vekevis i tynnene på brygga. Noen tynner var fylt med honningkaker, stjerner og sirupssnittar. Det var veldig fine saker.

I dei første åra hadde vi ikkje telefon. Den nærmaste telefonstasjonen var på Gibostad. Post fekk vi berre kvar fjortande dag i min barndom. Postbudet Mikkel kom over Senja til Straumsbotn og blei derifrå rodd ut til Hamn. Han hadde ei stor, svart veske med post i, og når han la til kaia i Hamn, blåste han fleire gonger i posthornet. Eg minnes dette så vidt, enno det no er meir enn 70 år sidan. Seinare fekk vi damp-skip, først kvar fjortande dag og seinare kvar åttande dag. Skipet kom frå Harstad og Andenes til Hamn og Skaland og gjekk så tilbake om Gryllefjord og Torsken til Harstad. Det var gamle «Senjen» og «Tromsø» vekselvis.

Heile hausten og vinteren med var det å levere varer ut på bok. Pengar såg ein nesten aldri. Slo så vinterfisket feil, og kanskje heimefisket om sommaren også, var det ikkje greit for folk. Men kor skulle dei hen? Det var jo sjøen som skulle skaffe dem maten. Far hadde nok mange søvnlause netter, og slik var det også med alle som tenkte seg om. Eg minnes godt det såkalte «kobbeåret», då russekobben jaga alt levande bort. Det var ikkje kokfisk å få heile vinteren. Ein og annan kobben forvilla seg heilt inn på vågen i Hamn. Han stod som ei tynne i sjøen, men måtte ofte bøte med livet for visitten, Far var ein dyktig skyttar og jeger.

Svendsgrunnfisket tok til i januar. Den gongen var det berre seglskøyter som drifta der ute på Svendsgrunnen. Det var eit umenneskeleg slit i alle slags ver. I frålandvind kunne vi heile dagen sjå at båtane låg og bauta og kryssa for å komme til land. Dei var nedisa, hadde ofte dårleg fangst og mista ofte bruk. Eg forstod ikkje at dei kunne halde ut slik år etter år. Så kom dei første motorane til Berg. Det var bensinmotoren Eureka», og det blei ei ulykke for mange, då denne motortypen var kostbar og usikker i drift. Men då ein så fekk dei første parafinmotorane, blei det betre. Dei var meir stabile og varige.

Det var verhardt om vinteren i Hamn, serleg før moloen kom. Sydvest med rokksalver så høge som fjell kom nedover frå Ballesvika og Teistevika, og ved Teisten rauk det som av ein vulkan. Husa stod og skalv, og når det var oppgong i sjøen, kunne han sprenge golva både i butikken og brygga. Det gjekk på livet laust mang ein gong, og det var nesten utruleg kva folk kunne klare.
Ofte kom uveret som sloppen av ein sekk. Noe eg aldri kjem til å glømme, hende ein. dag Johan Utvik og sonen Ludvig var ute og sette ein linestubb borte ved Flatholmen. Med eitt braut uveret laust, og den eine rokksalven etter den andre kom inn over fjorden. Utvik prøvde å halde båten på veret, men plutselig kom ein rokksalve som løfta båten opp og sette han ned gjennom havet. Utvik og Ludvig kom seg på kvelvet, men vesle Eilert som hadde fått lov til å vere med, kom bort i sjøen. Eilert var i 12-års-alderen og vår beste venn og leikekamerat. Folk kom seg ut til kvelvet og fekk berga Utvik og Ludvig som var svært forkomne. Dei blei boren opp på bakeriloftet, der det var varmt og godt. Mor og dei andre kvinnfolka tulla dem inn i teppe og gav dem varm drikke, så dei kom seg snart. Men vesle Eilert, som vi kalte Litenmann, var og blei borte. Folk sokna etter han i dagevis utan resultat. Men ein dag faren var ute åleine og sokna, bar han fast i guten og fekk han inn i båten. Eg gløymer aldri den dagen. Vi sat på skolen, og det kom bud om at vi måtte komme og sjå Eilert, som no var funnen. Vi barna stod på kaia og gråt, og så gjekk Utvik ned i båten og tok vekk trøya si, som han hadde lagt over ansiktet til den døde. Det var ein forferdeleg dag som eg aldri kan glømme. Heile garden sørga, og vi barn fekk aldri dette minnet frå oss.

Eigedommen Langbaren hadde ikkje eggvær. Dei næraste eggholmane hørte til Danchert Brox på Bøneset, men det lønte seg lite å besøke dem. Derimot kunne det vere mykje egg å finne på Hansen sine holmar i Bergsøyan og ute på Søholmen. Dei holmane som presten hadde, lønte det seg heller ikkje å «besøke». Men dei gode eggholmane blei jo av og til gjesta av unggutane frå Verket. Gardeigarane sette ofte etter dem, men å ro opp «Verkesgutan'», klarte ingen. Tre solide karar i åran og ein til å styre, fekk båten til å gå som eit lyn. Men det var ikkje vondt meint, det var helst ein sport å få tak i noen bøtter må segg og efuglegg eit par gonger om sommaren.

Vi kjøpte mykje laks om sommaren i Hamn, og vi hadde sjøl ei not ute i Hellandsneset. Gamle Eilert Kristiansen i Sildvika hadde eit godt laksesett ute ved Tortenberget, og Anton Johansen i Ersfjorden var ofte i Hamn med ein masse laks. Dessutan var Hans Danielsen på Bø ein flink laksefiskar. Den gongen var det 60 øre pr. kg for laks over 3 kg og 40 øre for mindre laks. Vi salta og røykte og sende laks til Trondheim, men det blei inga fortjeneste. For store ryper var prisen 25-30 øre pr. stykke, og for saueskrotten var det 35 øre pr. kg. Ei levande ku blei det betalt 30-35 kroner for den gongen, og for hønsegg betalte vi i butikken 4-5 øre for stykket. Det var prisane den gongen, men likevel blei det nesten aldri noen fortjeneste av det.

I min barndom låg lappane med reinen i leir oppe ved Svanelvvatnet, og dei var ofte ute i Hamn med reinkjøtt i heile skrottar.
Når det var godt fiske, kunne dei store skøytene komme opp med 3-4-5, ja opp til 10 tusen stykke torsk. Prisen pr. stykke for rund fisk, altså med rogn og lever og hovud på, var heilt nede i 7 øre, men kunne også vere opp til 12 øre pr. stykke. Det blei altså 12 kroner for 100 store, fine torskar. Hyse og brosme var lite påakta og stod i låg pris. Kveite eller hellefisk var det heller ingen pris på. For stor kveite blei det betalt 30-40 øre pr. kilo.
(Roald B. Lund)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *