Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Han Mikkal fortel

Mikkal hadde vore i Norge i mange år, og var komen heim til Norge att. Frå Amerika fortalde han mange historier, han var ein meister i å fortelja:

Eing gong var eg med og moka laust eit jernbanetog som hadde køyrd seg fast i snøen. Det var mykje folk som moka med jarnskufler, vi hiva både snøen og skufla, for det var ikkje tid til å taka ho att, det sto folk og leverte ut skufler etter kvart…

Ein annen gong var eg med i ein stor skog og hogg. Men der var det kaldt. Dei hadde eit stort bål midt i skogen, og dei køyrde beitlass med tømmer på bålet, men enda var det så kaldt at når vi snakka så fraus orda, men da dem tina om våren, da prata det heile skogen bortigjennom…

Det var store tre i Amerika fortalde Mikkal:

Ein gong var vi to mann som dreiv og hogg på eit tre. Då vi hadde hogge i 14 dagar, skulle vi sjå om det var mykje til andre sida. Då var det to mann som dreiv og hogg frå denne sida og, dei hadde hogge ein heil månad, men enda var det mykje igjen før treet datt.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *