Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Han møtte ei tussebuferd med mange vene gilde kyr…

Gamle Olav Igletveit fortalde at daa han var heime paa Verpe, og var ein litin gutunge, so skulde han ei gong tidleg ein morgo springe eit ærend burt til Vedfall. Daa møtte han ei tussebuferd med mange vene gilde kyr. Ei ung staseleg gjente gjekk fyre med ryngje paa armen og lokka. Jamsides henne gjekk ein fælande stor brandsidut stut; han gloste so fælt paa Olav, og saag so glømin ut, at han vart redd og vilde springe av vegen. Men daa lo gjenta og stirde paa Olav:

«Du tar kje vera redd stuten,» sa ho; «han æ kje vond.»

Dei tok vegen uppyvi mot Hanakamgjuve. Men daa ferdi hadde fari framum, og Olav vende seg og vilde sjaa etter dei, so var dei burte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.