Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Han Olav Skrubb

Paa Skorve i Gjestal budde i gamle dagar ein mann som heitte Olav Skrubb (eller Skrubb-Olav); og den mannen er det mange slòsor etter.

Skorve ligg i ein bakke, og nedanfyr er det ei tjørn. Ein vetter hadde det lagt seg ned fælt mykje snø. Daa kom han Olav paa at han vilde jaga smalen yver tjørni; for paa hi sida var bakken berr. Daa han var komen midt utpaa, brast isen, og kvart eit smaalog vart liggjande. Dette er so sant som det er sagt; det liver enno gamle folk paa Skorve som kann minnast kor smalaflokken laag og spratla i tjørni. Etter den dagen vart tjorni so full av aal at skaden vart ikkje so stor som ein skulde tenkt.

Paa hi sida av fjellet er det ei urd, og der saag dei oteren rett som det var. Ein morgon lengje fyre dag fekk han Olav ein kar med seg; dei skulde ut med kvar si flintebyrsa og sjaa etter oteren. Dei lagde seg til kvar paa sin kant og venta paa at oteren skulde koma. Men Olav var ikkje den karen at han hadde hug til aa liggja lengje paa ein stad og bia; han flutte seg til ein annan stad, og daa hin karen fekk sjaa den høge ullhatten hans, trudde han det var oteren. Han skaut tri skot so hagli vart sitjande millom skinn og bein i hovudet hans Olav. Dette gjekk heller ikkje so gale som ein skulde tenkt; for skrubb er skrubb um dei sumtid kallar han Olav.

Ein gong var han Olav i eit brudlaup paa Kyllingstad, og der kom han saman med ymse andre drusne karar, millom deim han Reidar i Nordaasen. Dei tvo var uvener fraa gamalt. Daa folki var komne heim fraa kyrkja og var komne til bords, laga det seg so at han Skrubb-Olav sat i øvre benken paa den eine sida av langbordet, og Reidar i Nordaasen midt fyre paa forsætet. Daa hukka Olav kloi i silkeplagget hans Reidar, og drog til so Reidar heldt paa aa kverkna; han gjorde baade bleikna og blaana i andlitet. Men som lukka var, fekk brudi retta seg fram yver bordet og knyta upp lykkjeknuten, so Olav fekk heile halsaplagget i handi. Daa fór Reidar upp og tok med eine handi bjelken, og med den andre sette han Olav mot veggen og heldt han so fast som i eit skruvested. Daa hadde Olav nokre vener som vilde hjelpa; millom deim var ho Guri, syster hans; ho var vel kjend, men ikkje fyr dygder og gode gjerningar. Ho fekk tak i ein stor massing-stake som ho vilde kasta i hovudet hans Reidar. Men ho sigta for hogt; staken fór i bjelken og hogg eit stort merke som syner den dag i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *