Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han Ole Larso, skulde gjera seg hard og trassa…

 

Um mannen får varsling på eikor vis, gjer han rettast i å akta på den.

Ein på Heminghytt (Beiarn), han Ole Larso, skulde gjera seg hard og trassa; men det kom han illa frå. Han hadde ærend til Trolien, og tok innetter ein gangstig over Tulåmoen vi kallar. Ja, då han var komen noko inst på moen, skar det i å ropa: «Du må gang av vegjen, Ole!» sa det. Men so gjorde han seg iherdig, som eg seier, og svara att: «Gang sjøl av vegjen! E reppa me inkj.»

Men der hadde han då funne sin overmann. Kor dette meir hadde bore til. Nok er det; han vart so illa søkt han gjekk frå vit og forstand. Og i dette verde fekk dei han heim. Han lagdest no ned; men kom aldri meir upp. Det var søtta han hadde sett i. Og åtte dagar deretter var han død. Men same dagen han døydde, kom vitet att, og då hadde han gjort greide for seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *