Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han Østen og ho Ane-Lotta

I Sørfjorden heldt seg ei tida ein lapp som heitte Østen. Han var gift med ei dei kalla Ane-Lotta. Um denne Østen gjekk det ymse ord.

Dei hadde ein vase med rein; men dei vann lite å halda styr på den, so reinen låg mykje nedpå jordene og herja. Ein dag på våren var reinskreia hans Østen komen ned til Skaugvoll, på jorda hans Johannes Danielso. Leidpå kom ho Ane-Lotta drivande, skulde ta rett på reinen. Han Johannes tok då og las henne teksta; han var so galen han truga med han vilde skyta lappkjerringa, um dei ikkje snaska i fjellet med reinen. Og ho Ane-Lotta heim og klaga.

Dagen etter kom lappen til Skaugvoll og bar på børse.

«Ka e da hånn Østen lura på i dag?» spurde han Johannes.

Jøu, han skulde til Sund, sa han, og klaga for lensmannen.

No forstod han Johannes,  at han hadde gjort gale. Tok so han til å tinga å få den ander’n a’styrt. Og kor lenge han no prauta med lappen, so vart det so han sette upp turen. Men han Johannes laut ut med 10 dalar og 2 flaskor brennevin.

Men straks deretter fekk han Johannes ein slik underleg sjukdom. Han skurvdest upp over heile hovudet, og hår og skjegg tok til å ry av. På det siste var han heilt avsnøydd.

På same viset gjekk det med ein utpå Kvarsnes, etter han hadde vore i kast med han Østen um reinen (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *