Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Han Per Korsbakken stod paa post…

Han Per Korsbakken stod paa post og heldt paa aa dorma til aa sova ein gong ung natta. Det var myrkt og godt ver, og han var sliten og trøytt. So studde han seg attaat ein trelegg, og børsa hadde han hengt i ei reim over aksla. So vakna han til, ved det rykte i børsa. Og so stappmyrkt var det so han ingen ting kunde sjaa.

«Slipp!» sa det.
«Slepp, du!» sa’n Per.
«Slipp siger jeg !»
«Slepp du, segjer je!» svara han Per att, og fekk so vrida til børsa mot mannen og spende hanen, so det knepte i laaset.

Daa tverrkasta mannen seg tilsides og vart burte i myrkret. Kven det var visste han ikkje; men han trudde det var ein offiser, som vilde sjaa etter om han var vaken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *