Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Han Per Larsen Blikkberget var
so ein spetaklmakar

Per Larsen Blikkberget, bror hans Haakaa Smed, var so ein spetaklmakar det. Sume gonger drog han ut paa gardane og ajerde dyrlækjar, naar det vart for lite mat. Ein gong nokre av deim stod paa post, heldt dei reint paa aa umkomast taa frost og kalde.

«Nei, detter er raadlost,» sa ‘n Per, «vi dreg in paa hør kant!» Det gjorde dei, og leid ikkje noko for det hell.

Ein sundag laag dei paa ein kyrkjevoll. Daa skremde han mest livet taa folk, for han hadde sett paa seg digre lenkjor, og daa kyrkjefolket kom, møtte han upp med letikjone paa seg og rende og skapa seg og bølja, so folk rende ein paa kvar kant der han kom.

Men ein gong spøkte det stygt for han sjølv. Han fann paa aa klæ ut seg som kvinnfolk, og so gjekk han upp paa romet aat kapteinen ein kveld og gjorde seg til for honom. Men daa laut han ta beinvegen gjenom glaset ut fraa andre høgda, for kapteinen hadde vorte so galen han hadde drege kaarda og vilde bruka paa’n.

Ola Hommelnesstua var og ute. Han var so groveleg sterk; men han var ein slik roleg og stille kar, so det er ingen ting fortalt um honom fraa krigen, utan ein gong dei hadde slik moro taa dessa kreftene hans. Det var noko han skulde skynda seg med, og i skyndinga skulde han ta seg ein buss. Han hadde tobakken sin i bukselummane, og daa han skulde ta aat lummen, sette han neven so kvast i han stakk han ut att tvert igjenom nye vadmelsbuksa. Han hugsa ikkje paa kreftene sine, ser du.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *