Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Han såg far sin i vegen

Ein mann frå Ålen var på sæterveg ein laurdag. Det var oftast kona som var på sætra og da vart det til at kallane slong innover kvar helg. Var mest som i yraste ungdommen slik.

Mannen som var på tur innetter sæterdalen fekk sjå ein kar framfor seg i vegen. Han meinte det var faren, men så visste han ikkje om at faren var gått føre heller. No sette han opp farten slik at han skulle nå att karen framfor seg, men same kor han langa ut så vart ikkje fråstanden mindre.

Da han kom fram til sætra spurde han mora om ho hadde sett noko til faren, men nei her hadde han ikkje vore. Først langt ut på kvelden kom han til sætra. Men denne gongen var det ikkje feigda som hadde vore ute. Faren levde mange år etter denne hendinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *