Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Han skulle ha det igjen

Sandsvikkarane levde i ein hard natur og var eit gjennombarka folkeferd. Dei som skulle klare seg der, måtte helst vere fødd på staden og vant med tilhøva. Når dei skulle til handelsmannen, måtte dei først over fjellet til Barbogen, låne seg båt og ro inn til Gryllefjorden, og så tilbake same vegen, ofte med ein sekk mel på ryggen. «Her må vi helst ale oss kjerringar sjøl», hermer dei etter ein gubbe der ute.

Det lever mange herm etter dei gamle i Sandsvika. Ein morgon kom ein gubbe ned til sjøen og fekk sjå at stormen hadde reve ned hjellen hans som var fullhengt med fisk. Då trua han mot veret og sa:

«Du Vårherre, du er no ein god snøs! Men eg skal gjere deg eit spek igjen. Hjellen skal opp på søndag.»
(Magne Balsvik)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *