Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Han Torger på Bø

Torger Torgersen på Bø var ein dyktig høvedsmann. I 1880 – åra rodde han fiske for Medfjord på ein firemannsbåt. Heile mannskapet hans var frå Vestbygda i Berg.

Det var vanleg at folk får heim lørdagane når veret var brukbart. Dei tok med seg løyping og mølje til dei som heime var, og fekk vaske og fli seg etter ei tung og slitsam veke på havet.

Ein lørdag i januar 1889 var veret bra, og Torger og mannskapet hans hadde bestemt seg til å fare heim. Dei tok inn løyping, reiste ut og drog bruket og sette så kursen vestover. Før dei drog frå fiskefeltet, hadde ein av mennene på båten hans, Ole Abelsen frå Skjellelva, bytta plass med Johan Kristian Johansen som hørte til eit annan båtlag. Johan Kristian var organist ved kjerka på Berg og ville heim til gudstjenesta om søndagen.

Veret var bra på den første delen av ferda, men då dei kom vest om Okseneset, la han over med kôv. Havet rota seg opp, og det blei vanskeleg for Torger å kroke seg fram mellom brotta. Båten var for tung i slikt føre, og dei tok stadig inn sjø. Dei ville lette båten med å kaste ut løypinga, men ho var frosen i klake, og før dei visste ordet av det, fekk dei eit brott over seg, og båten gjekk rundt.

Ingen av mannskapet kom bort med det same. Det var unge og friske karar, og dei klarte å halde seg fast til båten ei stund. Det er fortalt at Johan Kristian song ei salme før eit brott reiv han av kvelvet. Han kom seg ikkje opp meir. Likeeins gjekk det med Ditlef Berthinussen. Dei hørte han ropte borte i brottet då sjøen tok han. Så var det berre to mann igjen, Torger sjøl og Sedenius Pedersen. Dei greidde å halde seg på kvelvet utetter dagen, og det blir sagt at dei strevde med å få båten på rett kjøl, og at dei klarte det til slutt. Då batt dei seg fast til båten.

Utpå kveldparten døde Sedenius, men Torger heldt framleis ut, og seint på kvelden dreiv båten i land i Storvika, eit godt stykke utfor garden Strandby. Det kom eit stort brott og tok båten langt oppover fjæra, og der blei han ståande fast. Torger kom seg på land, og han klarte også å få den døde kameraten med seg så langt opp at han låg flofri. Så fekk han seglet Laust og tulla det kringom liket før han tok til å tenke på å komme seg til folk.

Han begynte å gå innover mot Strandby, og det blei ein tung tørn. I fjæra var det store steinar, og lenger oppe var det djup snø. Det røynte på kor han så la vegen. Han kraup meir enn han gjekk innover langs stranda. Av og til la han seg ned ein augneblink med føtene oppetter ein stein for å få blodet til å sirkulere. Han kjende at føtene var tunge og heldt på å visne bort.
Bortimot midnatt nådde han fram til folk. Kona på garden hørte at det var noen som drog seg attmed husveggen. Straks etter gjekk døra opp, og inn kom ein skinnhyrt mann. «Bli ikkje redd, det er han Torger», fekk han sagt før han seig i hop på golvet. Dei stelte med han så godt dei kunne, men han låg i uvett mesteparten av natta. Då han rådde med seg, fortalde han om det som var hendt, og at han hadde ein død mann ute i Storvika.

Eit par dagar etter var han Torger blitt så pass at han kunne fare heim til Bø, men han var ein helseknekt mann etter den dagen.
(Håkon Andreassen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *