Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han var frami so mykje pengar i ein gammal voll…

Han Ole Perso på Finnset var frami so mykje pengar i ein gammal voll. Han var og pløygde upp denne vollen, og dette var so kveldinga, med det same han skulde slutta for dagen. Ja, då fekk han høyra det la til å skramla so underleg for plogfjøla; han lutte seg ned, skulde sjå etter, og då låg det fullt flia med pengar i føra. Alt med han no låg og plukka i lommen, la det til å ropa heime frå husa. Han skulde vera med ut og setja seigarn, vart det ropa. So bauka han Ole mold over resten, beitte so unda og for heim.

Um morgonen han kom baker, skulde han so ta rett på det som var att. Men då fanst det ikkje namn av mynt der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *