Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Han var lage til blive


Ein gong var det ein gut som skyssa ein reisande langsmed eit vatn. Rett som det var, høyrde dei det skreik ut på vatnet:

«Tie er komi, men mann'n inkji!»

Då seier ferdamannen:

«Ko ska detta seia?»
«Jau,» sa guten, «e è spådde at e ska gå me på vatn, e!»

Då sa ferdamannen:

«Gå ned åt vatne o ta fulle huva di med vatn o set ho på de, får du sjå kost de går!»

Guten so gjorde. Han døydde med det same. Det er utruleg, men eg har høyrt det slik. Sidan veit eg ikkje meir seia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *