Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Han var so trollåt med kjerringa si…

På ein gard i Nordfjorden (Gildeskål) var det ein mann som var so trollåt med kjerringa si. Og dette endast slik at han eingong slo henne so ho tok sin død av det. Folk visste kor dette var tilgått; men dei hadde ikkje vitne på mannen, og soleis kom han til å gang fri straff for det fyrste.

Etter kona var død, vart heimen uppløyst; borna vart burt-sett; og mannen gav seg til dreng utpå Arnøya.

Men ei tid deretter tok folk til å sjå ein kvinneskapnad på kyrkjegarden; ho for og skreid millom gravene. Dette kom no for presten; og ein gong dette kvinnfolket hadde vore å vange, kledde han seg i ornat og for ditett.

Fyrst kalla han på dei fredlause åndene; og dentid han hadde dei samla, kravde han å få den vonde i tal. So fekk han det. Presten vilde no ha å vita um det var den vonde som hadde velde over sjela til denne kvinna. Til det vart det svara nei. So kalla presten på dei gode åndene; og deretter kravde han at dei skulde meddela det dei visste. Han fekk då det svaret, at kvinna var komen til sin stad. Men ho laut flakka um millom dei levande til ho fekk ei ugjerning uppklara. Ho hadde late livet for menneskehand; og han ho hadde vore gift med, var årsak til hennar død. Alt dette fekk presten kunnskap um hos dei gode åndene; og no visste han kven den fredlause kvinna var.

Og då det vart dag, skikka han folk i veg til Arnøya etter mannen. Der hos presten i Gildeskål hadde han so vedkjent seg si ugjerning; og deretter vart han no overgjeven til rettargang og dom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *