Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Han vart kurert

Ein mann i Ålen kjørte for gruva på Røros. Det var malm og køl han kjørte, og det slong eit og anna lasset til og frå Trondheim. No var denne karen overlag glad i brennevin, og ein kveld var han innom på ein gard attmed vegen og tok seg ein sup ilag med gubben der. Godt pussa velta han seg opp i sledekarmen og kjørte heimetter. Han song ein stubb og tykkte han hadd,e det bra.

Da hoppa det ein svart hund opp på sleden til han — retteleg eit lass av ein hund. Han var som ein kalv. Der sat han da på sleden og såg på mannen med svarte augo. Han vart ikkje kvitt dyret før han møtte ein av grannane. Da vart hunden borte. Var som han sokk ende ned i jorda. Og så svart som han var. Mannen smaka aldri ein dram etter kjøreturen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *