Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Hans H. Tjønn, f. 1904

(Mennesket og tonen)

Hans H. Tjønn, f. 1904, er den tredje i rekkja av Tjønnbrørne. Han gjorde felur i yngre år, men la dette på hylla og tok på med måling. Ei tid var han utanlands og studerte kunstmåling. Likevel er han best kjend som rosemålar. I dette er han millom dei aller beste, både når det gjeld fargar og penselføring.

Fåare kjenner spelemannen. Dette var noko han dyrka i einrom, og det var ikkje liketil å få han til å spele ein slått. Han var så viss på notane og fekk slik klang i fela og tottest take understrengen' med ved kvart bogestroket. Han kunne ha nådd langt i spel hadde han lagt vinn' på det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *