Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Hans i Hedleren

Han budde i ei liti hytta under ein heller; av det fekk han namnet. Han trudde paa huldrer, og saag huldrer kvar dag

Naar born i grannelaget gjekk og banka paa veggjerne, daa trudde han alltid det var huldrerne; dei vilde hava mat, sa han

Gav han huldrerne, so fekk han alltid meir att; men gav han deim inkje, so hemnde dei seg. Daa hende det at kona hans ikkje fekk dropen or kui.

Um hausten var alltid Hans ute og murta. Naar han daa kom heim um kvelden, stod huldrerne paa bryggja og vilde hava murt. Gav han deim inkje, so hende det at dei kasta stein paa honom; men slengde han til deim nokre murtar, so heldt dei fred. Daa drog dei gjerna baaten upp fyr honom, og tok glipen hans og hengde paa naustveggen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *