Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Hans O. Dalen f. 1880

(Mennesket og tonen)


Hans O. Dalen f. 1880, spela godt ettersom det vert fortalt. Han var med Svein Løndal til Tinn og heldt konsert. Dei spela jamt i lag. Eingong dei var på Buen sa Tora, kona til Aasmund som og var spelemann:  

– Jamen var'n go' til å spele denne guten som var med Svein.

Or gamle arkivsaker finn ein at han hadde ei sers fin handskrift. Hans drog som ung til Amerika. Der opp¬retta han ein bensinstasjon, men det heitte og at han var arkitektlærd og at han vart ein flott kar å sjå til når han var på «strøket». Korvidt han heldt fram med å spele veit me ikkje. Han hadde Steintjønndalsfele.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *