Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

 

Harde tider

Dette oppslaget er frå Nesbyen, frå 1929. Men oppslaget var i alle forretningar frå denne tid og utetter i trettiåra, etter vedtak i Hallingdal Kjøbmannsforening, fortel Gunnar Thorberg. Han minnest plakaten godt. Dette var formannstida til far hans, Chr. Thorberg. Han hadde lagt saka fram på årsmøtet i Kristiansand og fått medhald der.

Det var harde tider. Krakket ute i verda i 1928 slo inn over landet og fekk mange slags verknader. Det vart arbeidsløyse og dermed mindre pengar mellom folk. Om varene var billige hjelpte ikkje det når pengepungen var tom. Det vart å spørja om borg. Men også det hadde sine grenser. Kjøpmennene hadde ikkje nok kapital og kom i knipe.

Etter kvart skrumpa omsetnaden inn, og dei vart skuldige hjå grossisten. Når handelsreisande kom, måtte kjøpmannen ofte tinge meir varer enn han trong, for å halde på kreditten, fortel Thorberg. Ein var komen inn i ein vond sirkel.

Dei som hadde gard eller mindre bruk hadde og noko å «vende», gardsprodukt som dei kunne byte uti handel. Om det ikkje var meir enn eit par kilo smør var det utkome til litt butikkhandel.

Som ein ser av «Bekjentgjørelsen» var det strenge reglar. «Overtredelse» ville «medføre betydelig straffeansvar», står det til slutt. Men så strengt var det likevel ikkje. Thorberg kan ikkje hugse at nokon vart bøtelagt, om dei hadde sett litt mellom fingrane og late folk få borge meir enn dei var «gode» for.

Men om det var problem inna disken, var dei ikkje mindre for dei som kom inn døra. Me kan vel ikkje i vårt velstandssamfunn setje oss inn i koss det var å bli nekta handel. Det måtte vore nedverdigande og skamfullt.

Utetter i slutten av trettiåra tok det til å letne. Meir arbeid kom i gang, og det tok til å koma turistar som handla litt. Folk vart vane med å handle kontant. Den strenge plakaten vart tatt ned. Ein ny kom i staden med berre denne korte tekst: «Kun kontant salg».

No er det ein sjølvsagd ting å få kreditt. Og endå lettare med avbetaling.

H.d. 5. mai 1984

Dette oppslaget er frå Nesbyen, frå 1929. Men oppslaget var i alle forretningar frå denne tid og utetter i trettiåra, etter vedtak i Hallingdal Kjøbmannsforening.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.