Internt referansenummer: Bok-07. april-2020
Kilde:
GAMLE BYGDEVEGEN
FINNSKOGFORTELLINGER
Av: ÅSTA HOLTH
FORLAGT AV
ARTHUR ROSÉN AS
OSLO 1944

Harde tider

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Ho kunne gråte blod, Marja, der ho gikk i den fine våren og plukka syreblad. Det var ikkje så vel at ein vart mett berre av vår og solskin.

Nå er det nukk, mama! sa eit spinkelt barnemål på dørstokken. Ja, så fekk det vera nokk da. Ho kunne ikkje la dei små vente lenger. Igår hadde ho kokt velling av siste mjølsåene. Idag plukka ho syre.

Trond og Anders sat stille og tålmodige og såg på at ho skar syreblada fint opp med kniven. Hadde dei opp i vassgryta og strøydde i litt salt. Barneauga fylgde hendene hennes, det var som dei laut ha med kvar rørsle. Det tok ikkje mange minuttane å få gryta til å koke opp, men dei tykte det var evig lenge. Iser var Anders utolug. Han var berre fem år. Han ville kaste seg over den kokande suppa. Mora laut halde han unna til ho fekk slegi ein vass-skvett oppi til kjøling.

– Så – et! sa ho hardt. Så snudde ho seg ifrå og snytte seg.
– Håffør har vi itnå mjøl meir? sa Trond.
– Dom har tigi bråtåa våre, sa Marja.
– Håkke?
– Bagga!

Det var som ho sputta ordet ut. Trond hadde aldri sett ein bagge. Men han hadde hørt såpass at han visste det var folk, men dei var slemme og gjorde alt vondt for folk i skogen. Når kua slutte å mjølke så var det sikkert baggens skuld det og.

Stor-Anders hadde teki ei bør med næversko, limer og tresleiver og hadde gått på bygda for å freiste å få tak i litt mjøl. Marja hadde fått smågutane til å sova da det leid på ettermiddagen. Så gikk ho for å møte mannen. Ho var så sultin at ho tykte knea ville gi seg under henne. Av og til reiv ho til seg skatt av granene, plukka dei mjuke nålene av og åt mergen. Å herregud – der kom Anders! Ho såg at han hadde bør. Marja visste ikke av at tårerne silte nedoer kinna hennes. Ho løfte konten av han, tok mjøl i neven og åt. Anders var sultin han og. Dei hadde nokk bydd han malt i siste huset han var inne i, men han hadde ikkje ro på seg til å eta seg mett. Han tenkte på onga og Marja.

– Je meiner du får koke litt motti med det same, sa han. Ta spannet!
Han hadde eit spann hengande frå kontlokket, på vona at han skulle få litt mjølk ein stad.

Det var tomt. Det var litt ulagom å koke motti i eit spann over utevarme, men det gikk da det og. Anders kvilte og åt. Marja tenkte på gutane som kanskje hadde vakna. Ho tok av den harde, kornete grauten i forklæskuppa og småsprang heimover. Av og til tok ho seg ei klype og åt, utan å stanse eller sakne farten.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *