Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Harde vilkår som husmann

Han far sat husmann og skulle svare avgift etter 8 daler.

Kontrakten var slik at vi måtte møte til arbeid når det kom gardbod.

Opp gjennom åra hadde han far drivi og lagt opp nytt land. Vi skrapa fôr i skogen attåt det vi fikk av plassen, og på det siste hadde vi 3 kuer innsette.

Etter kvart tok han far åt å bli noe slitin av alt arbeidet, og frå eg var 16 år gikk eg husmann for han på garden.

Arbeidsplikta på garden hadde vori 80 dagar frå gammalt av. Dei som sat husmenn på andre gardar, hadde frå 70 til 80 dagar å svare for, så det var taksten.

Han som sat med garden, hadde drivi og lagt på arbeidsplikta for plassen, og siste året eg gikk, det var enda i 1910, da var det oppe i 104 dagar.

«Detta går itte. Je vil flytta ut,» sa eg åt han far. Han syntes ikkje om det, men la ikkje imot.

Nå hadde han livsfeste på plassen, så dei kunne ikkje bli vist ut. Det vart da til det at han og ho mor fikk det inste av dei to romma i bygningen. Eg har visst glømt å fortelle koss dei var bygde stuene på husmannsplassane. Det var eitt stort rom der dei kokte og heldt til elles, så var det ein liten kåvå innom til sengstad.

Dei som tok over etter han far, fikk det største rommet. Det var 6 menneske med stort og smått, ikkje rettare eg minnes.

Han far fikk rett til å bruke eit jordstykke, såpass dei fikk sette noen bøtter poteter. Nå hadde dei lagt seg opp noen kroner, og så tok han far på å gjøre river og ljåorv og selte. Prisen på ei rive var 1 krone da. For ljåorvet var det ein 25-øre meir.

Slik baska dei seg gjennom dei siste leveåra (S. Land).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *