Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Hardkar i matfatet og hardkar på ski

Hardhausar har det vore mange av gjennom tidene. Og ein råkar også slike i dag. Det er fortald om ein slik kjempe som budde i Femundmarka. Han hadde ein framifrå god hund, og hunden var alltid med herren sin. Ein vinter tok karen på ferd til Trondheim, og det var skiene som var framkomstmedlet. Det var lenge før det var nokor Rørosbane. Snaut nok det var farande veg nedetter dalen.

Hardkjøring var det. Seint på ettermiddagen kom karen til garden Bogen i Singsås. Han fekk kvila der, og fekk seg mat. Nista hans var ei speke elgbog. Mørkt og fint spekekjøtt som han skar av med tollekniven. Han la i seg det meste av den store elgbogen, og han hefta ikkje på så lenge før han fòr att. Hadde tenkt seg til Trondheim før han kvelda. Da han fòr sa han:

–    Det kjem ein hund etter meg. Dokk får gje han det som er att av kjøttet. Det vart nok for hard kjøring for bikkja dette her.

Og da han tok i veg att var det så snøspruten sto unna stavtaka.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er tatt av Anders Beer Wilse.

To timar etter kom det ein svart hund til gards. Han var heilt utkjørt og la rumpa mest ned på marka. Tunga hang langt ut or kjeften. Han hang med hovudet og gneistra og peip.

Dei skjøna at det var hunden til framandkaren og lokka han inn. Hunden fekk resten av elgbogen, og da han hadde ete kraup han inst under bordet og la seg. Der låg han og småbjeffa og halvsov. Han kom ikkje fram under bordet før herren hans kom innom att på kvelden neste dag.

Det vart til at karen natta over i Bogen av di hunden ikkje var komen såpass til krefter at han kunne greia turen oppetter dalen att til Femundmarka.

Dagen etter var hunden på føtene og lunka etter herren sin oppetter elvaisen.

Etter denne hendinga skal garden Bogen ha fått namnet, sa kona som fortalde om hendinga.

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *